Fotnotar/sluttnotar

Vel kvar fotnotar og sluttnotar skal visast og korleis dei skal nummererast.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Bolk → Fotnotar/Sluttnotar

Vel Format → Bolkar → Innstillingar og deretter fana Fot- og sluttnotar


Fotnotar

Samla ved slutten av teksten

Legg fotnotar til slutten bolken. Dersom bolken går over fleire sider, vert fotnoten lagt nedst i den sida der ankeret for fotnoten er.

Start nummereringa på nytt

Byrjar nummereringa av fotnotar på nytt med det nummeret du skriv inn.

Start på

Skriv inn nummeret du vil bruka for fotnoten.

Sjølvvald format

Vel nummereringsformatet for fotnotane. Dette alternativet kan berre kryssast av dersom Start nummerering på nytt er valt.

Før

Skriv inn teksten som skal stå framfor nummeret på fotnoten.

Nedtrekksliste for sjølvvald format

Vel nummereringsstilen for fotnotane.

Etter

Skriv inn teksten som skal stå etter nummeret på fotnoten.

Sluttnotar

Samla ved slutten av bolken

Legg sluttnotene til slutten av bolken.

Start nummereringa på nytt

Byrja nummereringa av sluttnotene på nytt med det talet du skriv inn.

Start på

Skriv inn nummeret du vil bruka for sluttnoten.

Sjølvvald format

Bestemmer eit sjølvvald format for sluttnotar. Denne innskrivingsboksen er synleg berre når boksen Nummerer på nytt er vald.

Før

Skriv inn teksten som skal visast framføre nummeret for sluttnotar.

Nedtrekksliste for sjølvvald format

Vel nummereringsstilen for sluttnotar.

Etter

Skriv inn teksten som skal visast etter nummeret for sluttnotar.