Spalter

Viser talet på kolonnar og kolonneoppsettet for ein sidestil, ei ramme eller ein bolk.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Format → Side → Spalter

Vel fana Format → Ramme og objekt → Eigenskapar → Kolonnar

Vel Vis → Stilar, opna sprettoppmenyen og vel fana Ny/Rediger

Vel Set inn → Ramme → Ramme → Spalter

Vel fana Set inn/Format → Bolk → Spalter


Standardval

Du kan velja mellom førehandsdefinerte spalteoppsett, eller du kan laga dine eigne. Når du bruker eit oppsett på ein sidestil, vert alle sidene som bruker denne stilen oppdaterte. På tilsvarande måte vert alle rammene som brukar denne stilen oppdaterte når du bruker eit spalteoppsett på ein rammestil. Du kan også endra spalteoppsettet for ei enkelt ramme.

Kolonnar

Skriv inn kor mange spalter du vil ha på sida, i ramma eller bolken.

Du kan også velja eit av dei førehandsdefinerte spalteoppsetta.

Valfelt

Fordel innhaldet likt i alle spaltene

Fordeler teksten jamnt i bolkar med fleire spalter.

Breidd og avstand

Dersom avkryssingsboksen Automatisk breidd ikkje er merkt av, skriv inn breidde og avstandsalternativa for spaltene.

(Spaltenummer)

Viser spaltenummeret og breidda og avstanden til nærligjande kolonnar.

Pil venstre

Flytter spaltevisinga ei spalte til venstre.

Ikon

Pil venstre

Pil høgre

Flytter spaltevisinga ei spalte til høgre.

Ikon

Pil høgre

Breidd

Skriv inn spaltebreidda.

Avstand

Vel kor stor avstand du vil ha mellom spaltene.

Automatisk breidd

Lagar spalter med lik breidd.

Førehandsvis felt

Førehandsvis utvalet.

Førehandsvisinga av spalteoppsettet viser berre spaltene, ikkje dei omgjevande sidene.

Skiljelinje

Denne delen er berre tilgjengeleg når du bruker eit oppsett som inneheld meir enn éi spalte.

Linje

Vel ein formateringsstil for skiljelinja mellom spalter. Vel «Ingen» dersom du ikkje vil bruka skiljelinje.

Høgd

Skriv inn lengda på delelinja i prosent av høgda på spalteområdet.

Posisjon

Juster høgda på delelinja. Dette valet er berre tilgjengeleg om høgdeverdien til linja er mindre enn 100%.

Bruk på

Vel det elementet du vil bruka spalteoppsett på. Dette valet er berre tilgjengeleg dersom du har opna dette dialogvindauget frå Format → Spalter.

Eigenskapar

Tekstretning

Vel tekstretninga for avsnitt som bruker kompleks tekst (CTL). Denne funksjonen er berre tilgjengeleg viss støtte for kompleks tekst er slått på.