Sidestil

Vel formateringsstilane og utforminga av sidestilen, med sidemargar, topp- og botntekster og sidebakgrunn.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Format → Tekstbryting

Vel Vis → Stilar, opna sprettoppmenyen og vel Endra/ny (for sidestilar)


Organisering

Skriv inn innstillingane for den valde stilen.

Side

Vel sidemarg, utsjånaden på ein- og fleirsidige dokument, sidenummerering og papirformat.

Bakgrunn

Vel bakgrunnsfarge eller -bilete.

Topptekst

Legg til topptekst i sidestilen. Toppteksten er eit område i øvste sidemarg der du kan leggja til tekst eller bilete.

Botntekst

Legg til ein botntekst til sidestilen. Botnteksten er eit område i nedste sidemarg der du kan leggja inn tekst eller bilete.

Kantlinjer

Vel innstillingar for kantlinjene til valde objekt i Writer eller Calc.

Spalter

Viser talet på kolonnar og kolonneoppsettet for ein sidestil, ei ramme eller ein bolk.

Fotnote

Vel utforming av fotnotar, inkludert linja som skil fotnoten frå hovuddelen av dokumentet.

Støtte for asiatiske språk

Desse kommandoane kan du berre bruka etter å ha slått på støtte for asiatiske språk i → Språkinnstillingar → Språk.

Tekstrutenett

Legg eit tekstrutenett til den gjeldande sidestilen. Dette valet er berre tilgjengeleg når støtte for asiatiske språk er sett under Språkinnstillingar → Språk i dialogvindauget.

Tilbakestill

Set endringane som er gjort i den gjeldande fana tilbake til slik dei var då dialogvindauget vart opna.