Disposisjon og nummerering

Vert brukt for å leggja til eller fjerna disposisjon, nummerering eller punktmerking frå avsnittet. Du kan også velja kva nummereringsstil du vil bruka og byrja nummereringa på nytt i ei nummerert liste.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Format → Avsnitt → Disposisjon og nummerering

Vel Vis → Stilar, opna sprettoppmenyen og vel Ny/Rediger (for avsnittsstilar).


  1. For å endra nummereringsinnstillingane for avsnitt som brukar den same avsnittsstilen, vel du Vis → Stilar og klikkar på knappen Avsnitsstilar. Høgreklikk på stilen på lista, vel Rediger og klikk så på fana Disposisjon og nummerering.

  2. For å endra nummereringsinnstillingane for valde avsnit, vel du Format → Avsnit og klikkar på fana Disposisjon og nummerering.

Disposisjonsnivå

Tildelar eit disposisjonsnivå frå 1 til 10 til dei valde avsnitta eller den valde avsnittsstilen. Vel Brødtekst viss du vil tilbakestilla disposisjonsnivået.

Nummerering

Nummereringsstil

Vel nummereringsstil for avsnittet. Desse stilane finn du òg i Stilhandsamaren dersom du trykkjer på knappen Nummereringsstil.

Rediger stil

Rediger eigenskapane til den valde nummereringsstilen. Desse eigenskapane vert nytta for alle avsnitt som er formaterte med den gjevne nummereringsstilen

Denne delen vert berre vist når du vel Format → Avsnitt for å redigera eigenskapane til det gjeldande avsnittet.

Byrja på nytt ved dette avsnittet

Byrjar nummereringa på nytt ved dette avsnittet.

Byrja med

Kryss av her og skriv inn nummeret du vil bruka på avsnittet.

Talboksen «Start med»

Skriv inn nummerer som skal brukast på avsnittet. Avsnitta som kjem etter dette vert nummererte stigande frå det talet du skriv inn her.

Linjenummerering

Bestemmer vala for Linjenummerering. Vil du leggja til linjenummer i dokumentet, vel du Verktøy → Linjenummerering.

Ta med dette avsnittet i linjenummereringa

Ta med dette avsnittet i linjenummereringa.

Start på nytt ved dette avsnittet

Byrjar linjenummereringa på nytt i dette avsnittet eller ved det nummeret du vel.

Byrja med

Skriv inn talet linjenummereringa skal byrja på nytt med.