Innfelt forbokstav

Formaterer den første bokstaven i eit avsnitt som ein stor bokstav som kan spenna over fleire linjer. Avsnittet må ha minst så mange linjer som det er sett i linjeboksen.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Format → Avsnitt → Innfeld forbokstav

Vel Vis - Stilar, opna sprettoppmenyen og vel Rediger → Innfelt forbokstavtab


Innstillingar

Vis innfelte forbokstavar

Legg innstillingane for innfelt førebokstav til det valde avsnittet.

Heilt ord

Viser den første bokstaven i det første ordet i avsnittet som innfeld forbokstav. Resten av bokstavane i ordet som store bokstavar.

Tal på teikn

Skriv inn kor mange bokstavar som skal vera innfelte.

Linje

Skriv inn kor mange linjer nedover frå den første linja den innfelte forbokstaven skal gå over. Avsnitt som er kortare enn dette, vil ikkje få innfelt forbokstav. Valet er avgrensa til å vera mellom 2 og 9 linjer.

Avstand til tekst

Skriv inn avstanden mellom den nedfelte bokstaven og resten av teksten i avsnittet.

Innhald

Neste

Skriv inn teksten som skal visast nedfelt i staden for den første bokstaven i avsnittet.

Teiknstil

Vel formateringsstilen du vil bruka på dei innfelte forbokstavane. Vel [Ingen] viss du vil bruka den same formateringsstilen som i resten av avsnittet.

Førehandsvis felt

Førehandsvis utvalet.