Tekstflyt

Vel innstillingar for orddeling og sideopsettet.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Format → Avsnitt → Tekstflyt

Vel Vis → Stilar, opna sprettoppmenyen og vel Endra/ny → Tekstflyt

Vel Rediger → Søk og byt ut → Fleire val → Format → Tekstflyt


Orddeling

Vert brukt for å setja innstillingane for orddeling i tekstdokument.

Automatisk

Set automatisk inn bindestrek i eit avsnitt når dei trengst.

Teikn ved linjeslutt

Vel det minste talet på teikn som skal vera på slutten av linja før ein bindestrek vert sett inn.

Teikn ved linjestart

Vel det minste talet på teikn som må vera på linja etter bindestreken.

Største talet på linjer i rad med bindestrek

Skriv inn det høgste talet på linjer etter kvarandre som kan delast med bindestrek.

Linjeskift

Vert brukt for å setja val for side- eller spalteskift.

Set inn

Vel denne avkryssingsboksen, og vel så kva slags skift du vil bruka.

Type

Vel kva type skift du vil setja inn.

Posisjon

Vel kvar du vil setja inn skiftet.

Med sidestil

Vel denne avkryssingsboksen før du vel kva slags sidestil du vil bruka for den første sida etter skiftet.

Sidestil

Vel formateringsstilen som skal brukast på den første sida etter skiftet.

Sidetal

Skriv inn sidenummeret på fen første sida etter skiftet. Ikkje merk av for denne dersom du vil halde fram med den gjeldande nummereringa.

Innstillingar

Vert brukt for å setja vala for tekstflyt for avsnitt som vert viste før og etter eit sideskift.

Ikkje del avsnitt

Flytter heile avsnittet til neste side eller spalte etter at eit skift er sett inn.

Hald saman med neste avsnitt

Hald dette avsnittet og neste avsnitt saman når eit skift eller eit spalteskift er sett inn.

Kontroll med foreldrelause linjer

Skriv inn det minste talet på linjer i eit avsnitt før eit sideskift. Vel denne avkryssingsboksen og skriv inn eit tal i feltet Linjer. Dersom talet på linjer nedst på sida er mindre enn det som er vald i feltet Linjer, vert heile avsnittet flytt til neste side.

Kontroll med enkjer

Skriv inn det minste talet på linjer i eit avsnitt på den første sida etter skiftet. Vel denne avkryssingsboksen og skriv inn eit tal i feltet Linjer. Dersom talet på linjer øvst på sida er mindre enn det som er vald i feltet Linjer, vert sideskiftet flytt.

Foreldrelause linjer.