Botntekst

Legg til eller fjernar ein botntekst frå sidestilen du vel i undermenyen. Botnteksten vert lagt til på alle sidene som bruker denne sidestilen. I eit nytt dokument vert berre sidestilen «Standard» vist i lista. Andre sidestilar vert lagde til i lista etter kvart som du tar dei i bruk i dokumentet.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Topp- og botntekst → Botntekst


Merknadsikon

Botnteksten er berre synleg når du viser dokumentet i utskriftsoppsett (ved å velja Vis → Utskriftsoppsett).


Sidestilar som har botntekst vert viste i undermenyen med ein hake framføre.

For å fjerna ein botntekst vel du Set inn → Botntekst og botntekst → Botntekst og så sidestilen som inneheld botnteksten. Botnteksten vert fjerna frå alle sidene der denne sidestilen er brukt.

Vil du leggja til eller fjerna botntekst frå alle sidestilane som er i bruk i dokumentet, vel du Set inn → Botntekst og botntekst → Botntekst → Alle.

Du kan velja format for ein botntekst ved å velja Format → Side → Botntekst.