Setja inn skript

Set inn eit skript ved skrivemerket i eit HTML- eller tekstdokument.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Skript (berre i HTML-dokument)


Eit innsett skript vert indikert med ein liten grøn firkant. Viss denne firkanten ikkje er synleg, vel → LibreOffice Writer/Web → Vising og merk av for Merknadar. Dobbeltklikk på den grøne firkanten for å redigera skriptet.

Dersom dokumentet inneheld meir enn eitt skript, vil dialogvindauget Rediger skript innehalda knappar du kan bruka til å gå frå eitt skript til det førre eller neste.

Ikon

Gå til førre skript

Ikon

Gå til neste skript

Innhald

Skripttype

Vel skripttypen du vil setja inn. Skriptet vert identifiset i HTML-kjeldekoden med taggen <SCRIPT LANGUAGE="JavaScript">.

URL

Legg ei lenkje til ei skriptfil. Klikk på radioknappen URL og skriv inn adressa i boksen. Du kan også trykkja på knappen Bla gjennom (), finna fila og så trykkja på Set inn. Skriptfila du lenkjer til vert identifisert i HTML-kjeldekoden med desse taggane:

<SCRIPT LANGUAGE="JavaScript" SRC="url">

/* ignorer all tekst her */

</SCRIPT>

Bla gjennom

Finn skriptfila du vil laga ei lenkje til og trykk så på Set inn.

Neste

Skriv inn skriptkoden som du vil setja inn.