Byta database
Byt datakjelde for dokumentet. Den nye databasen må ha dei same feltnamna for at felta i dokumentet skal kunna visast.
Dersom du for eksempel set adressefelt inn i eit standardbrev frå ein adressedatabase, kan du byta ut databasen med ein annan adressedatabase for å setja inn andre adresser.
Byta database
Du kan berre byta ut ein database om gongen i dette dialogvindauget.
Databasar i bruk
Viser databasane som er i bruk. Dokumentet inneheld minst eitt datafelt frå kvar av databasane i lista.
Tilgjengelege databasar
Lister ut dei databasane som er registrerte i LibreOffice.
Bla gjennom
Opnar eit dialogvindauge der du kan velja ei databasefil (*.odb). Den valde fila vert lagd til i lista over tilgjengelege databasar.
Vel
Byter ut den gjeldande datakjelda med datakjelda du har merkt i lista Tilgjengelege datakjelder.
Slik byter du database:
Kontroller at begge databasane har samsvarande felt med same feltnamn og felttype.
-
Set skrivemerket i dokumentet som du vil byta datakjelde for.
-
Vel
. -
Merk databasetabellen du vil byta ut i lista Databasar i bruk.
-
Merk databasetabellen du vil bruka i staden, i lista Tilgjengelege databasar.
-
Trykk Trykk.