Endra storleiken på og flytta rammer og objekt med tastaturet

Du kan endra storleiken på og flytta valde rammer og objekt ved hjelp av tastaturet.

Du kan flytta ei merkt ramme eller eit merkt objekt ved å trykkja ein piltast. Du kan flytta ein piksel om gongen ved å halda nede -tasten medan du trykkjer på ein piltast.

For å endra storleiken på ei merkt ramme eller eit merkt objekt, må du først trykkja Ctrl + tabulatortasten. Nå vil eitt av handtaka blinke for å visa at det er vald. Du kan velja eit anna handtak ved å trykkja Ctrl + tabulatortasten ei gong til. Trykk ein piltast for å endra storleiken på objektet med ei rutenetteining. Du kan endra storleiken ein piksel om gongen ved å halda nede -tasten medan du trykkjer på ein piltast.

Kor mykje eit objekt vert flytt ved hjelp av piltastane vert bestemt av rutenettet. Du kan endra eigenskapane for rutenettet ved å velja LibreOffice Writer → Rutenett.

Bruka snøggtastar (tilgjenge i LibreOffice Writer)