Oppføringar (litteraturliste)

Vel formatet for oppføringane i ei litteraturliste.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Innhaldsliste og register → Innhaldsliste, register eller bibliografi → Oppføringar (når litteraturliste er vald)


Type

Kva type som vert vist, er avhengig av dei ulike litteraturkjeldene.

Struktur og formatering

Linja Strukturdefinerer korleis oppføringar i register eller lister skal setjast saman. Du kan endra utsjånaden til ei oppføring ved å skriva inn kodar eller tekst i dei tomme boksane på denne linja. Du kan også plassera skrivemerket i ein tom boks eller trykkja ein kode og deretter trykkja ein av kodeknappane.

Tabulator (T)

Set inn eit tabulatormerke. For å setja punkt framføre tabulatormerke, vel eit teikn i lista Fyllteikn. For å endra plasseringa av tabulatormerket, skriv inn eit tal i Tabulatorposisjon eller merk av for Høgrejuster.

Type

Viser dei tilgjengelege litteraturtilvisingane. Du kan leggja til ei litteraturtilvising i strukturlinja ved å trykkja på ho, setja skrivemerket i eit tomt felt på strukturlinja og velja Set inn. Bruk dialogvindauget Skriv inn litteraturtilvising for å leggja til nye litteraturtilvisingar.

Set inn

Legg til referansekoden for den valde litteraturtilvisinga i strukturlinja. Vel ei oppføring i lista, plasser skrivemerket i eit tomt felt og trykk denne knappen.

Fjern

Fjernar den valde koden som viser til ei litteraturtilvisinga frå strukturlinja.

Teiknstil

Spesifiser teiknstil for den delen som er markert i Struktur-linja.

Rediger

Opnar eit dialogvindauge der du kan redigera teiknstilen.

Fyllteikn

Vel fyllteikn her.

Tabulatorposisjon

Skriv inn avstanden mellom den venstre sidemargen og tabulatoren.

Høgrejuster

Justerer tabuleringa i høve til høgremargen på sida.

Sorter etter

Skriv innstillingane for sortering av litteraturtilvisingane.

Dokumentposisjon

Oppføringane i litteraturlista vert sorterte etter posisjonen til referansane i dokumentet. Vel dette viss du vil nummerera tilvisingane automatisk.

Innhald

Oppføringane i litteraturlista vert sorterte i samsvar med sorteringsnøklane. Eksempel på sorteringsnøklar er forfattarar eller utgjevingsår.

Sorteringsnøklar

1, 2 eller 3

Vel oppføringa som skal brukast til å sortera oppføringane i litteraturlista. Dette valet er berre tilgjengeleg viss du har vald Innhald i området Sorter etter.

AZ

Sorterer oppføringane i litteraturlista i stigande alfanumerisk rekkjefølgje.

ZA

Sorterer oppføringane i litteraturlista i synkande alfanumerisk rekkjefølgje.