Oppføringar (alfabetisk register)
Spesifiser formatet for oppføringar i det alfabetiske registeret.
Vel Set inn → Innhaldsliste og register → Innhaldsliste, register eller bibliografi → Oppføringar (når alfabetisk register er vald)
Innrykksnivå
Vel nivået du vil definera format for.
Nivået «S» viser til overskriftene som er på ein enkelt bokstav og som deler inn oppføringane i registeret alfabetisk. Du kan slå på desse overskriftene ved å merka av for Alfabetisk skiljeteikn i området Format.
Struktur og formatering
Linja Strukturdefinerer korleis oppføringar i register eller lister skal setjast saman. Du kan endra utsjånaden til ei oppføring ved å skriva inn kodar eller tekst i dei tomme boksane på denne linja. Du kan også plassera skrivemerket i ein tom boks eller trykkja ein kode og deretter trykkja ein av kodeknappane.
Oppføringstekst (O)
Set inn teksten for kapitteloverskrifta.
Tabulator (T)
Set inn eit tabulatormerke. For å setja punkt framføre tabulatormerke, vel eit teikn i lista Fyllteikn. For å endra plasseringa av tabulatormerket, skriv inn eit tal i Tabulatorposisjon eller merk av for Høgrejuster.
Kapittelinfo
Set inn kapittelinformasjon, for eksempel kapitteloverskrifter og kapittelnummer. Bruk lista Kapitteloppføring til å velja kva for informasjon du vil visa.
Kapitteloppføring
Vel kva kapittelinformasjon du vil ta med i registeroppføringa.
Evaluer opp til nivå
Skriv inn det høgste hierarkinivået som objekt skal visast på i den genererte indeksen.
Sidetal (#)
Set inn sidenummeret for oppføringa.
Teiknstil
Spesifiser teiknstil for den delen som er markert i Struktur-linja.
Rediger
Opnar eit dialogvindauge der du kan redigera teiknstilen.
Fyllteikn
Vel fyllteikn her.
Tabulatorposisjon
Skriv inn avstanden mellom den venstre sidemargen og tabulatoren.
Høgrejuster
Justerer tabuleringa i høve til høgremargen på sida.
Format
Vert berre vist når du trykkjer E#-knappen i Struktur-linja. Vert brukt for å velja om kapittelnummeret skal visast med eller utan skiljeteikn.
Evaluer opp til nivå
Skriv inn det høgste hierarkinivået som objekt skal visast på i den genererte indeksen.
Plasser tabulatoren i høve til avsnittsinnrykket
Set tabulatormerket relativt i høve til verdien som er set i «venstreinnrykk» i avsnittsstilen definert i fana Stilar. Elles vert tabulatoren sett i høve til den venstre tekstmargen.
Teiknstil for hovudopføringar
Vel formateringsstil for hovudoppføringane i det alfabetiske registeret. Du kan gjera ei registeroppføring om til ei hovudoppføring ved å trykkja framføre indeksfeltet i dokumentet og velja Rediger → Stikkord.
Alfabetisk skiljeteikn
Bruker førebokstavane frå den alfabetisk sorterte lista over oppføringane i innhaldslista som overskrifter.
Nøkkel skild med komma
Set oppføringane i innhaldslista på same linja, skilde med komma.