Oppføringar (innhaldsliste)

Vel format for oppføringane i ei objektliste.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Innhaldsliste og register → Innhaldsliste, register eller bibliografi → Oppføringar (når innhaldsliste er vald)


Innrykksnivå

Vel nivået du vil definera format for.

Struktur og formatering

Linja Strukturdefinerer korleis oppføringar i register eller lister skal setjast saman. Du kan endra utsjånaden til ei oppføring ved å skriva inn kodar eller tekst i dei tomme boksane på denne linja. Du kan også plassera skrivemerket i ein tom boks eller trykkja ein kode og deretter trykkja ein av kodeknappane.

Kapittelnummer (O#)

Set inn kapittelnummeret. For å kopla ei kapittelnummerering til ein overskriftsstil, vel Verktøy → Kapittelnummerering.

Oppføringstekst (O)

Set inn teksten for kapitteloverskrifta.

Tabulator (T)

Set inn eit tabulatormerke. For å setja punkt framføre tabulatormerke, vel eit teikn i lista Fyllteikn. For å endra plasseringa av tabulatormerket, skriv inn eit tal i Tabulatorposisjon eller merk av for Høgrejuster.

Sidetal (#)

Set inn sidenummeret for oppføringa.

Hyperlenkje (LS og LA)

Lagar ei hyperlenkje for den delen av oppføringa som er omslutta av hyperlenkjetaggane LS og LE. Klikk på den tome ruta på struktur-linja framføre den delen du vil laga hyperlenkje for og trykk deretter på denne knappen. Alle hyperlenkjene må vera unike. Dette valet er berre tilgjengeleg for innhaldslister.

Alle

Brukar dei gjeldande innstillingane utan å lukka dialogvindauget.

Teiknstil

Spesifiser teiknstil for den delen som er markert i Struktur-linja.

Rediger

Opnar eit dialogvindauge der du kan redigera teiknstilen.

Fyllteikn

Vel fyllteikn her.

Tabulatorposisjon

Skriv inn avstanden mellom den venstre sidemargen og tabulatoren.

Høgrejuster

Justerer tabuleringa i høve til høgremargen på sida.

Format

Vert berre vist når du trykkjer E#-knappen i Struktur-linja. Vert brukt for å velja om kapittelnummeret skal visast med eller utan skiljeteikn.

Evaluer opp til nivå

Skriv inn det høgste hierarkinivået som objekt skal visast på i den genererte indeksen.

Plasser tabulatoren i høve til avsnittsinnrykket

Set tabulatormerket relativt i høve til verdien som er set i «venstreinnrykk» i avsnittsstilen definert i fana Stilar. Elles vert tabulatoren sett i høve til den venstre tekstmargen.