Register/innhaldsliste

Dei følgjande vala er tilgjengelege når du vel Objektliste som Type.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Innhaldsliste og register → Innhaldsliste, register eller bibliografi → Type (når objektliste er vald)


Type og tittel

Vel type og tittel for registeret/innhaldslista.

Type

Vel kva type register/innhaldsliste du vil bruka. Vala som er tilgjengelege i denne fana er avhengig av kva register/innhaldsliste du har vald. Dersom markøren er over register/innhaldsliste når du vel Set inn → Register/innhaldsliste → Register/innhaldsliste kan du redigera dette registeret.

Tittel

Skriv inn tittelen på vald register/innhaldsliste.

Vern mot manuelle endringar

Hindrar at innhaldet i register/innhaldsliste vert endra. Manuelle endringar i register/innhaldsliste forsvinn når register/innhaldsliste vert oppdatert. Viss du ønskjer at markøren skal rulla gjennom eit verna område, vel du → LibreOffice Writer → Formateringsstøtte og merkjar av for Slå på markør i området Verna område.

Lag register/innhaldsliste for

Vel om registeret/innhaldslista skal lagast for heile dokumentet eller for det gjeldande kapitlet.

Opprett frå dei følgjande objekta

Vel objekttypane som skal vera med i objekttabellen.