Register/innhaldsliste
Dei følgjande vala er tilgjengelege når du vel Tabelliste som Type.
Type og tittel
Vel type og tittel for registeret/innhaldslista.
Type
Vel kva type register/innhaldsliste du vil bruka. Vala som er tilgjengelege i denne fana er avhengig av kva register/innhaldsliste du har vald. Dersom markøren er over register/innhaldsliste når du vel Set inn → Register/innhaldsliste → Register/innhaldsliste kan du redigera dette registeret.
Tittel
Skriv inn tittelen på vald register/innhaldsliste.
Vern mot manuelle endringar
Hindrar at innhaldet i register/innhaldsliste vert endra. Manuelle endringar i register/innhaldsliste forsvinn når register/innhaldsliste vert oppdatert. Viss du ønskjer at markøren skal rulla gjennom eit verna område, vel du LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → LibreOffice Writer → Formateringsstøtte og merkjar av for Slå på markør i området Verna område.
Lag register/innhaldsliste for
Vel om registeret/innhaldslista skal lagast for heile dokumentet eller for det gjeldande kapitlet.
Opprett frå
Spesifiser informasjon som skal kombinerast for å laga eit register.
Bilettekstar
Lagar register/innhaldsliste frå objekttekstar. For å leggja ein tekst til eit objekt, merk objektet og vel Set inn → Tekst.
Kategori
Vel den bokstavkategorien du vil bruka på oppføringane i register/innhaldsliste.
Vis
Merk den delen av objektteksten du vil bruka i register-/innhaldslisteoppføringane. Tabellen nedanfor viser moglege val ut frå teksten «Illustrasjon 24: Sola» når «Illustrasjon 24» er lagt til automatisk og «Sola» er lagt til av brukaren.
Val i «Vis»-lista |
Oppføring i illustrasjonslista |
Referansetekst |
Illustrasjon 24: Sola |
Kategori og nummer |
Illustrasjon 24 |
Bilettekst |
Sola |
Dersom du vel «Bilettekst», vil teiknsetjing og mellomrom framføre biletteksten ikkje vera ein del av oppføringa i illustrasjonslista.
Objektnamn
Lagar register-/innhaldslisteoppføringar frå objektnamn. Du kan sjå objektnamna for eksempel i «dokumentstrukturen» og endra dei i sprettoppmenyen.