Innhaldsliste

Dei følgjande vala er tilgjengelege når du vel Illustrasjonsliste som Type.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Innhaldsliste og register → Innhaldsliste, register eller bibliografi → Type (når illustrasjonsregister er vald)


Type og tittel

Vel type og tittel for registeret/innhaldslista.

Type

Vel kva type register/innhaldsliste du vil bruka. Vala som er tilgjengelege i denne fana er avhengig av kva register/innhaldsliste du har vald. Dersom markøren er over register/innhaldsliste når du vel Set inn → Register/innhaldsliste → Register/innhaldsliste kan du redigera dette registeret.

Tittel

Skriv inn tittelen på vald register/innhaldsliste.

Vern mot manuelle endringar

Hindrar at innhaldet i register/innhaldsliste vert endra. Manuelle endringar i register/innhaldsliste forsvinn når register/innhaldsliste vert oppdatert. Viss du ønskjer at markøren skal rulla gjennom eit verna område, vel du → LibreOffice Writer → Formateringsstøtte og merkjar av for Slå på markør i området Verna område.

Lag register/innhaldsliste for

Vel om registeret/innhaldslista skal lagast for heile dokumentet eller for det gjeldande kapitlet.

Opprett frå

Spesifiser informasjon som skal kombinerast for å laga eit register.

Bilettekstar

Lagar register/innhaldsliste frå objekttekstar. For å leggja ein tekst til eit objekt, merk objektet og vel Set inn → Tekst.

Kategori

Vel den bokstavkategorien du vil bruka på oppføringane i register/innhaldsliste.

Vis

Merk den delen av objektteksten du vil bruka i register-/innhaldslisteoppføringane. Tabellen nedanfor viser moglege val ut frå teksten «Illustrasjon 24: Sola» når «Illustrasjon 24» er lagt til automatisk og «Sola» er lagt til av brukaren.

Val i «Vis»-lista

Oppføring i illustrasjonslista

Referansetekst

Illustrasjon 24: Sola

Kategori og nummer

Illustrasjon 24

Bilettekst

Sola


Dersom du vel «Bilettekst», vil teiknsetjing og mellomrom framføre biletteksten ikkje vera ein del av oppføringa i illustrasjonslista.

Objektnamn

Lagar register-/innhaldslisteoppføringar frå objektnamn. Du kan sjå objektnamna for eksempel i «dokumentstrukturen» og endra dei i sprettoppmenyen.