Innhaldsliste
Desse vala er tilgjengelege når du vel Alfabetisk register som Type.
Val
Slå saman identiske oppføringar
Erstattar identiske oppføringar med ei enkelt oppføring som viser sidetala der oppføringa finst i dokumentet. For eksempel vert oppføringane «Vis 10, Vis 43» slått saman til «Vis 10, 43».
Slå saman med f. eller ff.
Erstattar identiske oppføringar i register/innhaldsliste, også dei i direkte etterfølgjande side eller sider, med ei enkel oppføring som listar det første sidenummeret og ein «f» eller ein «ff». For eksempel vil oppføringane «Vis 10», «Vis 11» og «Vis 12» verta slått saman til «Vis ff». «Vis 11» og «Vis 12» vert slått saman til «Vis f».
Slå saman med -
Erstattar identiske register/innhaldsliste-oppføringer i samanhengande sider med ei enkel oppføring og sideområdet oppføringane finst i. For eksempel vil oppføringa «Vis 10, Vis 11, Vis 12» verta slått saman til «Vis 10-12».
Skil mellom store og små bokstavar
Skil mellom store og små bokstavar i identiske register/innhaldsliste-oppføringer. For asiatiske språk gjeld spesielle handteringar. Viss du ønskjer at det første tilfellet av oppføringa i dokumentet skal bestemma stor eller liten bokstav, vel Slå saman identiske oppføringar.
For å bruka multi-nivå-toleranse i asiatiske språk, vel STORE/små bokstavar. I multi-niveå-toleranse vert store bokstavar og diakritiske teikn ignorerte og elementa vert berre samanlikna i den enkle forma. Dersom formene er like, vert dei diakritiske teikna samanlikna. Dersom også desse er like, vert store og små teikn samanlikna saman med breidda på teikna og skilnadar i Japansk Kana.
Skriv automatisk med stor bokstav
Skriv automatisk stor førstebokstav i ei registeroppføring.
Hovud- og underoppføring kvar for seg
Set inn hovud- og underoppføringar som eigne oppføringar. Ei hovudoppføring vert set inn på øvste nivået i registeret, og andre oppføringar som er knytt til den, vert sette inn som underoppføringar med innrykk.
Du kan definera hovud- og underoppføringar i dialogvindauget set inn stikkord.
Stikkordfil
Merkar oppføringar i registeret/innhaldslista automatisk frå ei stikkordfil - ei liste med ord som skal brukast i eit register eller i ei innhaldsliste.
Fil
Vel, lag eller rediger ei stikkordfil.
Sorter
Vert brukt for å bestemma innstillingane for sortering av stikkord.
Språk
Vel språkreglane som skal brukast ved sortering av innslaga i eit register eller ei innhaldsliste.
Oppføringstype
Vel numerisk når du ønskjer å sortera tal etter verdi (1, 2, 12). Vel alfanumerisk når du ønskjer å sortera etter teiknkode (1, 12, 2).