Innhaldsliste

Desse vala er tilgjengelege når du vel Objektliste som Type.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Innhaldsliste og register → Innhaldsliste, register eller bibliografi → Type (når tabelliste er vald)


Type og tittel

Vel type og tittel for registeret/innhaldslista.

Type

Vel kva type register/innhaldsliste du vil bruka. Vala som er tilgjengelege i denne fana er avhengig av kva register/innhaldsliste du har vald. Dersom markøren er over register/innhaldsliste når du vel Set inn → Register/innhaldsliste → Register/innhaldsliste kan du redigera dette registeret.

Tittel

Skriv inn tittelen på vald register/innhaldsliste.

Vern mot manuelle endringar

Hindrar at innhaldet i register/innhaldsliste vert endra. Manuelle endringar i register/innhaldsliste forsvinn når register/innhaldsliste vert oppdatert. Viss du ønskjer at markøren skal rulla gjennom eit verna område, vel du → LibreOffice Writer → Formateringsstøtte og merkjar av for Slå på markør i området Verna område.

Lag register/innhaldsliste for

Vel om registeret/innhaldslista skal lagast for heile dokumentet eller for det gjeldande kapitlet.

Overskriftsnivå

Skriv inn kor mange overskriftsnivå det skal brukast i registeret/innhaldslista.

Opprett frå

Bruk dette området til å angi kva informasjon som skal takast med i eit register.

Disposisjon

Lager eit register på grunnlag av disposisjonsnivåa. Det vil seia at avsnitt som formatert med ein av dei innebygde overskriftsstilane (Overskrift 1-10), vert lagt til i registeret.

Du kan også tildela disposisjonsnivåa på fana Disposisjon og nummerering i dialogvindauget Format → Avsnitt.

Fleire stilar

Tar med avsnittsstilane du spesifiserte i dialogvindauget Legg til stilar som oppføringar i innhaldslista. Du vel den ønskte avsnittsstilen ved å klikka på knappen bruk stilar (…) til høgre for denne boksen.

Tildela stilar

Opnar dialogvindauget Tildela stilar, der du kan velja avsnittsstilane som skal vera med i registeret.

Stikkordmarkeringar

Ta med stikkordmarkeringane du set inn ved å velja Set inn → Register/innhaldsliste → Stikkordmarkering.