Stikkordmarkering
Marker den valde teksten som ei register- eller innhaldslisteoppføring.
Du kan redigera ei indeksoppføring ved å plassera skrivemerket framføre stikkordet og veljaRediger → Referanse → Stikkord
Du kan halda dialogvindauget Set inn stikkord ope medan du merkar og set inn stikkord.
Utval
Register
Vel stikkordet som innskrivinga skal høyra til.
Stikkord
Viser teksten som er markert i dokumentet. Du kan skriva inn eit anna ord for stikkordet dersom du vil. Den markerte teksten vert ikkje endra.
Hovudoppføring
Gjer den gjeldande markeringa til ei underoppføring av ordet du skriv inn her. For eksempel vil oppføringa verta «vêr, kulde» dersom du markerer «kulde» og skriv inn «vêr» som hovudoppføring.
Underoppføring
Gjer den gjeldande markeringa til ei underoppføring av hovudoppføringa. For eksempel vil oppføringa verta «vêr, vinter, kulde» dersom du markerer «kulde» og skriv inn «vêr» som hovudoppføring og «vinter» som underoppføring.
Fonetisk lesing
Skriv inn ei fonetisk lesing av korresponderande postar. For eksempel, dersom eit japansk Kanji-ord har meir enn éin uttale, skriv inn den korrekte uttalen som eit Katakana-ord. Kanji-ordet vert då sortert i forhold til den fonetiske lesingsoppføringa. Denne funksjonen kan berre brukast når støtta for asiatiske språk er slått på.
Hovudoppføring
Gjer den valde teksten utheva i stikkordlista. LibreOffice viser sidetalet til slike stikkord med ei anna formatering enn dei andre oppføringane i stikkordlista.
Innrykksnivå
Innslag som bruker avsnittsformatet «Overskrift X» (X = 1-10) kan verta lagt til automatisk til innhaldslista. Nivået i innhaldslista svarar til disposisjonsnivået for overskriftstilen.

Denne innstillinga er berre tilgjengeleg for innhaldslister og eigendefinerte indekspostar.
Bruk på alle liknande tekstar
Markerer alle andre førekomstar av den merkte teksten i dokumentet automatisk. Tekst i topptekstar, botntekstar, rammer og bilettekstar vert ikkje tekne med.
Du kan ikkje bruka denne funksjonen på ei Oppføring du har skrive inn manuelt i dette dialogvindauget.

Viss du vil kopla alle førekomstane av ein tekst til stikkordlista, merk teksten og vel deretter Søk og byt ut og klikkar på Søk etter alle. Vel deretter Set inn → Register/innhaldsliste → Stikkordmarkering og trykk på Set inn.
Store og små bokstavar
Skil mellom små og store bokstavar.
Berre heile ord
Søkjer etter heile ord eller celler som er identiske med søkjeteksten.
Set inn
Markerar eit stikkord i teksten.
Lukk
Lukker dialogvindauget.
Nytt sjølvvald register
Opnar eit dialogvindauge der du kan laga eit nytt, brukardefinert register.
Namn
Skriv inn eit namn for det nye sjølvvalde registeret. Det nye registeret vert lagt til lista over tilgjengelege register og innhaldslister.