Database

Du kan setja inn felt, for eksempel adressefelt, i dokumentet frå kva database som helst.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Set inn → Felt → Fleire felt → Database


Type

Listar ut dei tilgjengelege felttypane. For å legggja til felt i dokumentet, klikk på eit felt i lista vel og klikk så på Set inn. Desse felta er tilgjengelege:

Felttype

Tyding

Vilkårleg post

Set inn innhaldet av databasefeltet som er spesifisert i feltet Datapostnummer som eit brevflettingsfelt viss Vilkår er oppfylt. Berre postar som er valde med ei multimarkering i datakjelda vert tekne med.

Du kan bruka dette feltet for å setja inn fleire datapostar i eit dokument. Du kan ganske enkelt setja inn feltet Vilkårleg post framføre felta for brevfletting som brukar ein bestemt datapost.

Databasenamn

Sett inn namnet på databasetabellen som er vald i feltet Databaseutval. Feltet «Databasenamn» er eit global felt. Det vil seia at viss du set inn eit anna databasenamn i dokumentet, vil innhaldet i alle «Databasenamn»-felta som alt er sett inn verta oppdaterte.

Brevflettingsfelt

Set inn namnet på eit databasefelt som ein plasshalder slik at du kan laga eit brevflettingsdokument. Innhaldet i feltet vert sett inn automatisk når du skriv ut standardbrevet.

Neste post

Set inn innhaldet i det neste brevflettingsfeltet i dokumentet viss vilkåret du har definert er oppfylt. Datapostane du vil ta med må vera merkte i datakjeldevisinga.

Du kan bruka feltet «Neste post» for å setja inn innhaldet i dei etterfølgjande postane mellom brevflettingsfelta i eit dokument.

Datapostnummer

Set inn nummeret til den valde databaseposten.


Merknadsikon

Feltet nedanfor kan berre setjast inn viss den tilsvarande felttypen er vald i lista Type.


Databaseutval

Vel databasetabellen eller databasespørjinga som du vil at feltet skal referera til. Du kan ta med felt frå meir enn ein database eller ei spørjing i eit dokument.

Vilkår

Her skriv du inn kriteria for felt lenkja til eit vilkår.

Om du vil, kan du tildela eit vilkår som må oppfyllast for at innhaldet i felta «Vilkårleg post» og «Neste post» skal setjast inn. Standardvilkåret er satt til «sant», det vil seia at vilåret alltid er oppfylt viss du ikkje endrar vilkårsteksten.

Datapostnummer

Skriv inn nummeret for posten du vil setja inn når dei spesifiserte vilkåra er oppfylde. Postnummeret svarar til det gjeldande valet i visinga av datakjelda. Dersom du for eksempel vel dei fem siste postane i ein database med ti postar, vil nummeret for den første posten verta 1 og ikkje 6.

Merknadsikon

Viss du refererer til felt i ein annan database (eller i ein annan tabell eller spørjing i den same databasen), bestemmer LibreOffice datapostnummeret relativt til det gjeldande valet.


Format

Vel formatet til feltet du vil setja inn. Dette valet er tilgjengeleg for felt med numeriske og logiske verdiar, og for dato- og klokkeslettfelt.

Frå database

Bruker formatet definert i den valde databasen.

Bla gjennom

Opnar eit dialogvindauge der du kan velja ei databasefil (*.odb). Den valde fila vert lagt til lista med databaseval.

Sjølvvald (brukardefinert)

Bruker formatet som er vald i lista over sjølvvalde format.

Liste over sjølvvalde format

Listar opp dei tilgjengelege brukardefinerte formata.

Skriva ut eit standardbrev

Når du skriv ut eit dokument med databasefelt, vert du spurd om du vil skriva ut eit fletta brev. Dersom du svarar ja, får du opp dialogvindauget brevfletting, der du kan velja kva databasepostar som skal skrivast ut.