Variablar

Variabelfelt let deg leggja til dynamisk innhald i dokumentet. Du kan for eksempel bruka ein variabel til å nullstilla sidenummereringa.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Set inn → Felt → Fleire felt → Variablar


Åtvaringsikon

Sjølvvalde felt er berre tilgjengelege i det gjeldande dokumentet.


Type

Listar ut dei tilgjengelege felttypane. For å legggja til felt i dokumentet, klikk på eit felt i lista vel og klikk så på Set inn. Desse felta er tilgjengelege:

Type

Skildring

Set variabel

Definerer ein variabel og verdien for denne. Du kan endra verdien for ein variabel ved å klikka framføre variabelfeltet og deretter velja Rediger → Felt.

Vis variabel

Set inn den gjeldande verdien av variablen du vel i lista Utval.

DDE-felt

Set inn ei DDE-lenkje i dokumentet. Du kan oppdatera denne lenkja så ofte du vil ved hjelp av det tildelte namnet.

Set inn formel

Set inn eit fast tal eller resultatet av ein formel.

Skrivefelt

Set inn ein ny verdi for ein variabel eller eit brukarfelt.

Verdien av ein variabel i eit skrivefelt gjeld berre frå og med staden der feltet vert sett inn. Du kan endra verdien til ein variabel seinare i dokumentet ved å setja inn eit anna skrivefelt med same namnet, men med ein annan verdi. Verdien av eit brukarfelt vert derimot endra globalt.

Variablane vert viste i lista Utval. Når du trykkjer Set inn, vert dialogvindauget Skrivefelt opna. Her kan du skriva inn den nye verdien, eller skriva inn meir tekst som ein merknad.

Talfølgje

Set inn automatisk nummerering av tabellar, bilete eller tekstrammer.

Vel sidevariabel

Set inn eit referansepunkt i dokumentet. Sidenummereringa startar på nytt frå dette punktet. Vel «på» for å slå på referansepunktet, og «av» for å slå det av. Du kan også skrive inn ei forskyving for å byrja sidenummereringa med eit anna tal.

Vis sidevariabel

Viser tale på sider mellom referansepunktet «Set sidevariabel» og dette feltet.

Brukarfelt

Set inn ein sjølvvald, global variabel. Du kan bruka Brukarfelt til å gje ein variabel for ein vilkårssetning. Når du endrar dette brukarfeltet, vert alle førekomstane av denne variabelen i dokumentet oppdatert.


Merknadsikon

Feltet nedanfor kan berre setjast inn viss den tilsvarande felttypen er vald i lista Type.


Format

Klikk på formatet du vil bruka på det valde feltet eller klikk på «Tilleggsformat» for å laga eit sjølvdefinert format.

I dei sjølvvalde felta klikkar du i lista Formatpå det formatet du vil bruka, eller vel «Fleire format» for å definera eit sjølvvald format.

Namn

Skriv inn namnet på det sjølvdefinerte feltet du ønskjer å laga. For å setja in eit mål, klikk på «Set referanse» i Type-lista, skriv inn eit namn i denne boksen og klikk på Set inn. For å laga referanse til det nye målet, klikk på målnamnet i Vel-lista.

Verdi

Skriv inhaldet du vil bruka i eit sjølvdefinert felt.

I lista format bestemmer du om verdien skal leggjast inn som tekst eller tal.

Vel

Listar ut dei tilgjengelege felta for felttypen vald i lista type. Du set inn eit felt ved å klikka på det og deretter klikka på Set inn.

Tipsikon

Du kan raskt setja inn eitt av felta som vert viste i lista ved å halda inne tasten og dobbeltklikka på namnet til feltet du vil setja inn.


I eit HTML-dokument er to ekstra felt tilgjengelege for felttypen «Set variablar»: HTML_ON og HTML_OFF. Teksten du skriv inn i feltet Verdi vert konvertert til ein opnings- (<Verdi>) eller ein slutt- (</Verdi>) HTML-tagg når fila vert lagra som eit HTML-dokument alt etter kva alternativ du har vald.

Tipsikon

Viss du dobbeltklikkar på eit element medan du held nede Ctrl-tasten, eller markerer den ønskte variabelen og trykkjer på mellomromstasten, vert elementet sett inn i dokumentet direkte.


Formel

Dette valet er berre tilgjengeleg viss felttypen «Set inn formel» er vald.

Referanse

Skriv inn teksten som skal visast i feltet. Viss du set inn eit plasshaldarfelt, skriv inn teksten som skal visast som tips når markøren vert halde over feltet.

Forskyving

Skriv inn forskyvinga for sidenummerfeltet, for eksempel «+1».

Usynleg

Gøymer feltinnhaldet i dokumentet. Feltet vert sett inn som eit tynt, grått merke i dokumentet. Dette valet er berre tilgjengeleg for felttypane «Vel variabel» og «Brukarfelt».

Kapittelnummerering

Bestemmer innstillingane for kapittelnummer.

Innrykksnivå

Vel overskrifta eller kapittelnivået der du vil at nummereringa i dokumentet skal starta på nytt.

Skiljeteikn

Skriv inn teiknet du vil bruka som skiljeteikn mellom mellom overskrifts- eller avsnittsnivå.

Bruk

Legg til det sjølvdefinerte feltet i lista Utval.

Ikon

Bruk

Fjern

Fjernar det sjølvdefinerte feltet frå utvalslista. Du kan berre fjerna felt som ikkje vert brukte i dokumentet du arbeider med. Viss du vil fjerna eit felt som vert brukt i dokumentet frå lista, må du sletta alle førekomstane av feltet i dokumentet før du fjernar det frå lista.

Ikon

Fjern