Dokumentinformasjon

Dokumentinformasjonsfelta inneheld informasjon om eigenskapane til eit dokument, for eksempel datoen då dokumentet vart laga. Du kan visa eigenskapane til eit dokument frå Fil → Eigenskapar.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Set inn → Felt → Fleire felt → Dokumentinformasjon


Merknadsikon

Når du eksporterer og importerer eit HTML-dokument som inneheld dokumentinformasjonsfelt, vert spesielle LibreOffice-format brukt.


Type

Listar ut dei tilgjengelege felttypane. For å legggja til felt i dokumentet, klikk på eit felt i lista vel og klikk så på Set inn. Desse felta er tilgjengelege:

Type

Tyding

Endra

Set inn namet på forfattaren, og dato eller klokkeslett for den siste lagringa.

Redigeringstid

Set inn kor mykje tid det er brukt til saman på eit dokument.

Merknadar

Set inn merknaden slik han vart skrive inn i fanearket Skildring i dialogvindauget Fil → Eigenskapar.

Revisjonsnummer

Set inn revisjonsnummeret til det gjeldande dokumentet.

Opprett

Set inn namnet til forfattaren, og datoen eller klokkeslettet då dokumentet vart laga.

Sjølvvald

Set inn innhaldet av infofelta funne i fana Tilpassa eigenskapar i dialogvindauget Fil → Eigenskapar.

Sist skrive ut

Set inn namnet til forfattaren, og datoen eller klokkeslettet då dokumentet sist vart skrive ut.

Nøkkelord

Set inn nøkkelorda som vart skrivne inn i fana Skildring i dialogvindauget Fil → Eigenskapar.

Emne

Set inn emnet som vart skrive inn i fana Skildring i dialogvindauget Fil → Eigenskapar.

Tittel

Set inn tittelen som vart skrive inn i fana Skildring i dialogvindauget Fil → Eigenskapar.


Merknadsikon

Feltet nedanfor kan berre setjast inn viss den tilsvarande felttypen er vald i lista Type.


Vel

Listar ut dei tilgjengelege felta for felttypen vald i type-lista. Du set inn eit felt ved å klikka på det og deretter klikka på Set inn.

Tipsikon

Du kan raskt setja inn eitt av felta som vert viste i lista ved å halda inne tasten og dobbeltklikka på namnet til feltet du vil setja inn.


Felt

Funksjon

Førre side

Set inn sidetalet til den førre sida i dokumentet.

Neste side

Set inn sidetalet til den neste sida i dokumentet.

Sidetal

Set inn det gjeldande sidetalet.


Trykk på det formatet du vil bruka i feltet Format.

Viss du ønskjer det, kan du skriva inn ei forskyving for sidetalet som vert vist. Skriv du inn verdien 1 for forskyving, vil feltet vise eit tal som er lik gjeldande sidenummer pluss 1. Dette gjeld berre viss sida finst. I den siste sida i dokumentet vil dette feltet vera tomt.

Merknadsikon

Når det gjeld felttypane «Oppretta», «Endra» og «Sist skrive ut», kan du ta med forfattaren, datoen og klokkeslettet for den tilsvarande handlinga.


Format

Klikk på formatet du vil bruka på det valde feltet eller klikk på «Tilleggsformat» for å laga eit sjølvdefinert format.

Når du trykkjer «Fleire format», vert dialogvindauget Talformat opna slik at du kan laga eit sjølvvald format.

Fast innhald

Set inn feltet som statisk innhald. Dette betyr at feltet ikkje kan oppdaterast.

Merknadsikon

Felt med fast innhald vert berre evaluerte når du lagar eit nytt dokument frå ein mal som inneheld eit slikt felt. For eksempel vil eit fast datofelt verta oppdatert til å visa datoen når eit nytt dokument vert laga frå malen.