Kryssreferansar

Her set du inn referansar eller refererte feil i dokumentet. Referansar er refererte felt i det same dokumentet eller i deldokument i eit hovuddokument.

Fordelen med å skriva inn ein kryssreferanse som eit felt, er at du ikkje treng å justera referansen manuelt kvar gong du gjer endringar i dokumentet. Du treng berre å oppdatera felta ved å trykkja F9. Då vert også referansane i dokumentet oppdaterte.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Set inn → Felt → Fleire felt → Kryssreferansar

Vel Set inn → Kryssreferanse


Setja inn kryssreferansar

Type

Viser tilgjengelege felttypar. For å leggja eit felt til dokumentet, trykk på ein felttype, vel eit felt i lista og trykk på Set inn. Desse felta kan setjast inn:

Type

Tyding

Set inn referanse

Set målet for eit referert felt. Skriv inn eit namn på referansen under Namn. Når du set inn ein referanse, vert namnet vist i lista Utval.

I eit HTML-dokument vert referansefelt som er skrivne inn på denne måten ignorerte. I staden må du setja inn eit bokmerke til mål i HTML-dokument.

Set inn referanse

Vil setja inn ein referanse til ei anna plassering i dokumentet. Referansen til dette målet må på førehand vera definert med «Set inn referansepunkt». Viss dette ikkje er gjort, er det ikkje råd å setja inn ein referanse ved å velja eit feltnamn i Utval.

I hovuddokument kan du også setja inn ein referanse frå eitt underdokument til eit anna. Merk at namnet på referansen ikkje vert vist i utvalsfeltet og må skrivast inn «for hand».

I eit HTML-dokument vert referansefelt som er skrivne inn på denne måten ignorerte. I staden må du setja inn ei hyperlenkje.

Overskrifter

Utvalsboksen viser ei liste over alle overskriftene i den rekkefølgja dei vert viste i dokumentet.

Nummererte avsnitt

Utvalsboksen viser ei liste over alle overskriftene i den rekkefølgja dei vert viste i dokumentet.

Bokmerke

Når du har sett inn eit bokmerke i dokumentet med Set inn → Bokmerke, kan du bruka typen Bokmerke på fana Kryssreferansar. Bokmerke vert til vanleg brukte til å merka bestemte tekststykke i eit dokument. I eit tekstdokument kan du for eksempel bruka bokmerke til å hoppe frå eitt tekststykke i dokumentet til eit anna.

I eit HTML-dokument vert desse bokmerka omgjorde til anker som for eksempel bestemmer målet for ei hyperlenkje. Ankera vert viste i HTML-koden som <A name>.

Fotnotar

Viss dokumentet inneheld fotnotar, kan du velja elementet fotnotar. Ein referanse til ein fotnote vil returnera fotnotenummeret.

(Innsette objekt med bilettekst)

Du kan setja inn referansar til objekt som har bilettekstar. Du kan for eksempel setja inn eit bilete, høgreklikka det og velja «Bilettekst». Nå vert objektet vist som ein nummerert «Illustrasjon» på lista.


Tipsikon

Referansar er felt. Du kan fjerna ein referanse ved å sletta feltet. Viss du bruker ein lang tekst som ein referanse og vil sleppa å skriva teksten inn på nytt etter at du har sletta referansen, kan du merkja teksten og kopiera han til utklippstavla. Nå kan du bruka kommandoen Rediger → Lim inn utval til å setja inn teksten igjen ved å lima han inn som «Uformatert tekst» på same staden . Teksten vil vera den same, men referansen til han er sletta.


Utval

Listar opp dei tilgjengelege felta for felttypen vald i lista Type. Du set inn eit felt ved å klikka på feltet, velja format i lista «set inn referanse til» og trykkja på Set inn.

Tipsikon

Du kan raskt setja inn eitt av felta som vert viste i lista ved å halda inne tasten og dobbeltklikka på namnet til feltet du vil setja inn.


Trykk på det formatet du vil bruka i lista Set inn referanse til.

Set inn referanse

Vel formatet du vil bruka for det valde referansefeltet. Desse formata er tilgjengelege:

Format

Tyding

Side

Set inn sidetalet til den sida som inneheld målet for referansen.

Referanse

Set inn heile teksten ved målet for referansen. For fotnotar vert nummeret til fotnoten sett inn.

Over/under

Set inn «over» eller «under», avhengig av plasseringa av målet for referansen i høve til referansefeltet.

Som sidestil

Set inn sidetalet til den sida som inneheld målet for referansen. Formatet vert det same som brukt i sidestilen.

Tal

Set inn nummeret til overskrifta eller det nummererte avsnittet, inkludert overordna nivå, avhengig av samanhengen. Sjå merknaden under denne tabellen for nærare opplysningar.

Tal (ingen samanheng)

Set inn nummeret til overskrifta eller det nummererte avsnittet.

Tal (full samanheng)

Set inn nummeret til overskrifta eller til det nummererte avsnittet, inkludert overordna nivå.

Kapittel

Set inn nummeret på det kapitlet som inneheld målet for referansen.

Kategori og nummer

Set inn kategorien (biletteksttypen) og nummeret til målet for referansen. Dette valet er berre tilgjengeleg når målet for referansen er eit objekt med bilettekst.

Bilettekst

Set inn biletteksten som høyrer til målet for referansen. Dette valet er berre tilgjengeleg når målet for referansen er eit objekt med bilettekst.

Nummerering

Set inn bilettekstnummeret som høyrer til målet for referansen. Dette valet er berre tilgjengeleg når målet for referansen er eit objekt med bilettekst.


Merknadsikon

Formatet «Tal» set inn nummeret til overskrifta eller det nummererte avsnittet. Dei overordna måla kan, avhengig av samanhengen, også verta tekne med ved behov.


Merknadsikon

Viss du for eksempel er i kapittel 1, underkapitel 2, avsnitt 5, kan dette verta nummerert som 1.2.5. Når du set inn ein referanse her til tekst i det førre avsnittet «1.2.4», og du bruker formatet «Tal», vert referansen vist som «4». Viss du vel å visa fleire nummererte undernivå i dette eksempelet, vert den same referansen vist som «2.4» eller «1.2.4», avhengig av innstillinga du har vald. Bruker du formatet «Tal (full samanheng)», vil du alltid sjå «1.2.4», same korleis det nummererte avsnittet er formatert.


Namn

Skriv inn namnet på det sjølvdefinerte feltet du ønskjer å laga. For å setja in eit mål, klikk på «Set referanse» i Type-lista, skriv inn eit namn i denne boksen og klikk på Set inn. For å laga referanse til det nye målet, klikk på målnamnet i Vel-lista.

Mål som finst i ulike underdokument vert ikkje viste i lista Utval i eit hovuddokument. Viss du vil setja inn ein referanse til målet, må du skriva inn stien og namnet i feltet Namn.

Verdi

Skriv inhaldet du vil bruka i eit sjølvdefinert felt.

Viss du markerar tekst i dokumentet og deretter set inn ein referanse, vil den markerte teksten verta innhaldet i feltet som du set inn.