Dokument

Felt vert brukte til å setja inn informasjon om det gjeldande dokumentet, for eksempel filnamn, mal, statistikk, brukarinformasjon, dato og klokkeslett.

For å bruka denne funksjonen …

Vel fana Set inn → Felt → Fleire felt → Dokument


Merknadsikon

Ved HTML-eksport og import av dato- og klokkeslettfelt, vert spesielle LibreOffice-format brukt.


Type

Listar ut dei tilgjengelege felttypane. For å legggja til felt i dokumentet, klikk på eit felt i lista vel og klikk så på Set inn. Desse felta er tilgjengelege:

Type

Tyding

Forfattar

Set inn namnet på brukaren.

Kapittel

Set inn kapittelnummeret og/eller kapittelnamnet.

Dato

Set inn gjeldande dato. Du kan setja inn datoen som eit fast felt - Dato (fast) - som ikkje vert endra, eller som eit dynamisk felt - Dato - som vert oppdatert automatisk. Du kan oppdatere feltet Dato manuelt ved å trykkja F9.

Filnamn

Set inn filnamnet og/eller stien til mappa til det gjeldande dokumentet saman med filnamnet utan filetternamn.

Side

Set inn sidetalet til den gjeldande, førre eller neste sida i dokumentet.

Sendar

Set inn felt som inneheld brukardata. Du kan endra den viste brukarinformasjonen ved å velja LibreOffice → Brukarinformasjon.

Statistikk

Set inn dokumentstatistikk, som t.d. side- og ordteljing, som eit felt. For å vise statistikken, vel Fil → Eigenskapar og klikk på fana Statistikk.

Malar

Set inn filnamnet, stien eller filnamnet utan filutvidingane til den gjeldande malen. Du kan også setja inn namnet på den «kategorien» og «stilen» som malen bruker.

Klokkeslett

Set inn gjeldande dato. Du kan setja inn klokkeslettet som eit fast felt - Klokkeslett (fast) - som ikkje vert endra eller som eit dynamisk felt - Klokkeslett - som vert oppdatert automatisk. Du kan oppdatera feltet Klokkeslett manuelt ved å trykkja F9.


Merknadsikon

Feltet nedanfor kan berre setjast inn viss den tilsvarande felttypen er vald i lista Type.


Vel

Listar ut dei tilgjengelege felta for felttypen vald i type-lista. Du set inn eit felt ved å klikka på det og deretter klikka på Set inn.

Tipsikon

Du kan raskt setja inn eitt av felta som vert viste i lista ved å halda inne tasten og dobbeltklikka på namnet til feltet du vil setja inn.


Felt

Funksjon

Førre side

Set inn sidetalet til den førre sida i dokumentet.

Neste side

Set inn sidetalet til den neste sida i dokumentet.

Sidetal

Set inn det gjeldande sidetalet.


Trykk på det formatet du vil bruka i feltet Format.

Viss du ønskjer det, kan du skriva inn ei forskyving for sidetalet som vert vist. Skriv du inn verdien 1 for forskyving, vil feltet vise eit tal som er lik gjeldande sidenummer pluss 1. Dette gjeld berre viss sida finst. I den siste sida i dokumentet vil dette feltet vera tomt.

Forskyving

Skriv inn forskyvinga for sidenummerfeltet, for eksempel «+1».

Tipsikon

Viss du vil endra det faktiske sidetalet og ikkje sidetalet som vert vist, må du ikkje bruka verdien Forskyving til dette. Du bør heller endra sidetal slik det vert forklart i rettleiinga om Sidetal.


Format

Klikk på formatet du vil bruka på det valde feltet eller klikk på «Tilleggsformat» for å laga eit sjølvdefinert format.

Når du trykkjer «Fleire format», vert dialogvindauget Talformat opna slik at du kan laga eit sjølvvald format.

Viss du vel «Kapittelnummer utan skiljeteikn» for eit kapittelfelt, vert dei skiljeteikna som er oppgjeve for kapittelnumer i Verktøy → Kapittelnummerering gøymde.

Viss du vel «Kapittelnummer» som format for referansefelt, vil feltet berre visa nummeret til kapitteloverskrifta som inneheld objektet det vert vist til. Viss avsnittsstilen for kapitteloverskrifta ikkje er nummerert, vil feltet vera tomt.

Desse formata for talsekvensar gjeld for avsnitt som er formaterte som nummererte lister eller punktlister:

Kategori og tal

Formatet inneheld alt mellom byrjinga av avsnittet og til like etter talfølgjefeltet

Bilettekst

Formatet inneheld teksten som kjem etter talfølgjefeltet fram til slutten av avsnittet.

Tal

Formatet inneheld berre referansenummeret.


Fast innhald

Set inn feltet som statisk innhald. Dette betyr at feltet ikkje kan oppdaterast.

Nivå

Vel overskriftsnivået du vil bruka i det valde feltet.

Forskyving i dagar/minutt

Skriv inn forskyvinga du vil bruka i eit dato- eller klokkeslettfelt.

Verdi

Skriv inhaldet du vil bruka i eit sjølvdefinert felt.