Format
Skriv inn oppsettet for og storleiken på konvolutten.
Mottakar
Set innstillingane for posisjon og tekstformatering for motakarfeltet.
Posisjon
Bestemmer kor mottakaradressa skal setjast på konvolutten.
frå venstre
Skriv inn kor mykje plass det skal vera mellom den venstre kanten av konvolutten og adressefeltet.
ovanfrå
Skriv inn kor mykje plass det skal vera mellom den øvre kanten av konvolutten og adressefeltet.
Rediger
Klikk og vel formateringsstilen for teksten i adressefeltet du skal redigera.
Teikn
Opnar eit dialogvindauge som du kan bruka til å redigera teiknformatet som vert brukt i mottakarfeltet.
Avsnitt
Opnar eit dialogvindauge som du kan bruka til å redigera avsnittsformatet som vert brukt i mottakarfeltet.
Sendar
Set innstillingane for plasering og tekstformatering for avsendarfeltet.
Posisjon
Bestemmer kor avsendaradressa skal skrivast på konvolutten.
frå venstre
Skriv inn kor mykje plass det skal vera mellom den venstre kanten av konvolutten og sendarfeltet.
ovanfrå
Skriv inn kor mykje plass det skal vera mellom den øvre kanten av konvolutten og sendarfeltet.
Rediger
Klikk og vel formateringsstilen for teksten i sendarfeltet du skal redigera.
Teikn
Opnar eit dialogvindauge som kan brukast til å redigera teiknformatet som vert brukt i avsendarfeltet.
Avsnitt
Opnar eit dialogvindauge som kan brukast til å redigera avsnittsformatet som vert brukt i avsendarfeltet.
Storleik
Vel konvoluttformatet du vil bruka eller bruk eit sjølvvald format.
Format
Vel konvoluttformatet, eller vel «Brukardefinert» og skriv inn breidda og høgda på den sjølvvalde storleiken.
Breidd
Skriv inn breidda på konvolutten.
Høgd
Skriv inn høgda på konvolutten.