Bilettekst

Legg til ein nummerert bilettekst til eit valt bilete, tabell, ramme, tekstramme eller teikning. Du finn òg denne kommandoen ved å høgreklikka på det elementet du vil leggja teksten til.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Bilettekst

Opna sprettoppmenyen og vel Bilettekst


Eigenskapar

Bestemmer alternativ for bilettekst i det valde elementet.

Kategori

Vel bilettekstkategori eller skriv inn eit namn for å laga ein ny kategori. Kategoriteksten vert vist framføre nummeret til biletteksten i bilettekstetiketten. Kvar sjølvvald bilettekstkategori vert formatert med ein avsnittsstil med det same namnet. For eksempel vert bilettekstkategorien «Illustrasjon» formatert med avsnittsstilen «Illustrasjon».

Nummerering

Vel kva nummereringstype du vil bruka i biletteksten.

Bilettekst

Skriv inn den teksten som skal visast etter bilettekstnummeret.

Skiljeteikn

Her kan du skriva inn valfrie teikn som skal visast mellom talet og biletteksten.

Posisjon

Legg biletteksten inn ovanfor eller nedanfor del valde elementet. Dette alternativet er ikkje tilgjengeleg for alle objekta.

Val

Legg kapittelnummeret til biletteksten. For å kunna bruka denne funksjonen, må du først ha tileigna eit disposisjonsnivå til avsnittsstilen og deretter leggja stilen til avsnittsoverskrifter i dokumentet.

Automatisk bilettekst

Opnar dialogvindauget for bilettekst. Dette vindauget inneheld den same informasjonen som du får fram med LibreOffice Writer → Automatisk bilettekst i menyen innstillingar.

Bruka bilettekstar

Leggja til kapittelnummer i bilettekstar