Setja inn bokmerke

Set inn eit bokmerke der skrivemerket står. Seinare kan du bruka dokumentstrukturen til å gå raskt til staden der bokmerket er plassert. I HTML-dokument vert bokmerke gjort om til anker som du kan gå til via hyperlenkjer.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Bokmerke

Når du er på verktøylinja Set inn, vel

Ikon

Bokmerke


Du kan gå til eit bestemt bokmerke ved å trykkja F5 for å opna Dokumentstruktur. Trykk deretter plussteiknet (+) ved sida av oppføringa Bokmerke og dobbeltklikk bokmerket.

Bokmerke

Skriv inn namnet på det bokmerket du vil oppretta. Den nedste lista inneheld alle bokmerka i dette dokumentet. Dersom du vil sletta eit bokmerke, vel du det i lista og trykkjer på Slett.

Desse teikna kan ikkje brukast i eit bokmerkenamn: / \ @ : * ? " ; , . #

Fjern

For å sletta eit bokmerke kan du velja det frå dialogvindauget Set inn bokmerkeog trykkja på Slett. Du vert ikkje spurd om stadfesting.