Fotnote/sluttnote

Set inn ei fotnote eller ei sluttnote i dokumentet. Noteteiknet vert set inn ved skrivemerket. Du kan velja om du vil bruka automatisk nummerering eller eit sjølvvald symbol.

Det følgjande gjeld både fotnotar og sluttnotar. .

Fotnotar vert sette inn nedst på kvar side, medan sluttnotar vert sette inn nedst på den siste sida i dokumentet.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Fotnote og sluttnote → Fotnotar og sluttnotar

Opna sprettoppmenyen og vel Fotnote/sluttnote (på allereie innsette fot- og sluttnotar)

Når du er på verktøylinja Set inn, vel

Ikon

Set inn fotnote direkte


Nummerering

Vel kva type nummerering du vil bruka for fotnotar og sluttnotar.

Automatisk

Nummererer automatisk fotnotane eller sluttnotane du set inn i stigande rekkjefølgje. Du kan endra innstillingane for automatisk nummerering i Verktøy → Fotnotar og sluttnotar.

Teikn

Vel dette alternativet for å definera eit teikn eller symbol for den gjeldande fotnoten. Dette kan vera anten ein bokstav eller eit tal. Du kan også bruka knappen nedst til å velja eit spesialteikn.

Vel

Set inn eit spesialteikn som fotnote eller sluttnotemerke.

Type

Vel om du vil setja inn ein fotnote eller ein sluttnote. Sluttnotenummereringa er uavhengig av fotnotenummereringa.

Fotnote

Set inn eit fotnotemerke ved skrivemerket og legg til ein fotnote nedst på sida.

Sluttnote

Set inn eit sluttnotemerke ved skrivemerket og legg til ein fotnote nedst på sida.

Tips for bruk av fotnotar.