Setja inn bolk

Set inn ein tekstbolk ved skrivemerket i dokumentet. Du kan også merkja ei tekstblokk og velja denne kommandoen for å laga ein bolk. Du kan nytta bolkar til å setja inn tekstblokker frå andre dokument, eller leggja til eigendefinerte spalteoppsett. Det er også mogleg å verna eller gøyma tekstblokker om eit vilkår er fylt.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Bolk

Når du er på verktøylinja Set inn, vel

Ikon

Bolk


Du kan setja inn eit heilt dokument i ein bolk eller ein namngjeven bolk frå eit anna dokument. Du kan også setja inn ein bolk som ei DDE-lenkje.

Du kan redigera ein bolk ved å velja Format → Bolkar.

Dialogvindauget Set inn bolk inneheld desse fanene:

Bolk

Set eigenskapane for bolken.

Spalter

Viser talet på kolonnar og kolonneoppsettet for ein sidestil, ei ramme eller ein bolk.

Innrykk

Rykker inn bolken med ein venstre- og høgremarg.

Bakgrunn

Vel bakgrunnsfarge eller -bilete.

Fotnotar/sluttnotar

Vel kvar fotnotar og sluttnotar skal visast og korleis dei skal nummererast.

Set inn

Set den aktuelle bolken inn i dokumentet der skrivemerket er plassert.

Bruka snøggtastar (tilgjenge i LibreOffice Writer)