Setja inn manuelt skift

Set inn eit manuelt linjeskift, spalteskift eller sideskift der skrivemerket står.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Manuelt skift


Type

Vel kva type skift du vil setja inn.

Linjeskift

Avsluttar den gjeldande linja og flytt den funne teksten til høgre for markøren til neste linje utan å laga nytt avsnitt.

Tipsikon

Du kan også setja inn eit linjeskift ved å trykkja Shift + Enter.


Kolonneskift

Set inn eit manuelt spalteskift (i eit oppsett med fleire spalter) og flytt den funne teksten til høgre for markøren til byrjinga av neste spalte. Eit manuelt spalteskift vert vist med ei ikkje utskrivbar ramme øvst i den nye spalta.

Sideskift

Set inn eit manuelt sideskift. Teksten som står til høgre for skrivemerket vert flytt til byrjinga av neste side. Sideskiftet vert vist som ein strek øvst på den nye sida (streken vert ikkje skriven ut).

Tipsikon

Du kan også setja inn eit sideskift ved å trykkja + Enter. Ver merksam på at du må bruka menyen til å setja inn det manuelle sideskiftet viss du vil bruka ein annan sidestil på den neste sida.


Stil

Vel sidestilen for sida som kjem etter det manuelle sideskiftet.

Endra sidetal

Gjev sida som kjem etter det manuelle sideskiftet eit bestemt sidetal. Dette er berre mogleg dersom du gjev ein annan sidestil til sida etter det manuelle sideskiftet.

Sidetal

Skriv inn sidenummeret for sida som kjem etter det manuelle sideskiftet.

Merknadsikon

Du kan visa manuelle skift ved å velja Vis → Kontrollteikn (som ikkje vert skrivne ut).


Setja inn og fjerna sideskift