Gøymde avsnitt

Viser eller gøymer gøymde avsnitt. Denne innstillinga påverkar berre skjermvisinga av gøymde avsnitt, ikkje utskrifta.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Vis → Gøymde avsnitt


Merknadsikon

Du aktiverer denne funksjonen ved å velja LibreOffice Writer → Formateringsstøtte og merkja av i Gøymde avsnitt i feltet Vising av.


Bruk feltkommandoen «Gøymde avsnitt» for å tildela eit vilkår som må oppfyllast for å gøyma eit avsnitt. Viss vilkåret ikkje er oppfylt, vert avsnittet vist.

Når du gøymer eit avsnitt, vert også fotnotar og rammer som er forankra til teikn i avsnittet gøymde.