Rediger stikkordmarkering

Rediger det valde stikkordet. Trykk framføre eller på stikkordet og vel denne kommandoen.

For å setja inn ei indeksoppføring, merk eit ord i dokumentet og vel såSet inn → Innhaldsliste og register → Indeksoppføring.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Rediger → Referanse → Indeksoppføring

Opna sprettoppmenyen og vel Stikkord


Utval

Rediger det valde stikkordet.

Register

Viser kva slags register det valde stikkordet høyrer til. Du kan ikkje endra registertypen til eit stikkord i dette dialogvindauget. I staden må du sletta stikkordet frå dokumentet og setja det inn att med ein annan registertype.

Oppføring

Om det er ønskjeleg, kan du her endra stikkordet. Viss du endrar stikkordet, vil den nye teksten berre finnast i registeret og ikkje erstatta dokumentteksten stikkordet er kopla til. For eksempel kan du setja inn eit stikkord med merknaden «grunnleggjande, sjå òg generelt».

Hovudoppføring

For å laga eit register med fleire nivå, skriv du inn namnet på hovudoppføringa eller vel eit namn frå lista. Den gjeldande oppføringa vert lagd til nedføre dette namnet.

Underoppføring

Skriv inn namnet på det andre nivået eller vel eit namn frå lista. Den gjeldande oppføringa vert lagd til nedføre dette namnet.

Innrykksnivå

Endrar disposisjonsnivået for ein post i ei innhaldsliste.

Fonetisk lesing

Skriv inn ei fonetisk lesing av korresponderande postar. For eksempel, dersom eit japansk Kanji-ord har meir enn éin uttale, skriv inn den korrekte uttalen som eit Katakana-ord. Kanji-ordet vert då sortert i forhold til den fonetiske lesingsoppføringa. Denne funksjonen kan berre brukast når støtta for asiatiske språk er slått på.

Fjern

Fjernar det valde stikkordet frå registeret. Stikkordteksten i dokumentet vert ikkje sletta.

Sluttpil, venstre

Går til det første indekselementet av same type i dokumentet.

Ikon

Sluttpil, venstre

Sluttpil, høgre

Går til det siste indekselementet av same type i dokumentet.

Ikon

Sluttpil, høgre

Venstrepil

Går til det førre indekselementet av same type i dokumentet.

Ikon

Pil venstre

Høgrepil

Går til det neste indekselementet av same type i dokumentet

Ikon

Pil høgre

Tipsikon

Du kan snøgt gå til eit stikkord med navigasjonslinja.