Redigera felt

Opnar eit dialogvindauge der du kan endra eigenskapane til eit felt. Klikk framføre feltet og vel så denne kommandoen. I dialogvindauget kan du bruka pilknappane til å flytta til førre eller neste felt.

Du kan også dobbeltklikka i eit felt i dokumentet for å opna feltet for redigering.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Rediger → Felt


Tipsikon

Du kan byta mellom vising av feltnamn og feltinnhald i dokumentet ved å bruka Vis → Feltnamn.


Merknadsikon

Viss du vel ei DDE-lenke i dokumentet og så vel Rediger → Felt, vert dialogvindauget Rediger lenker opna.


Merknadsikon

Viss du klikkar framføre eit «avsendar»-felt kan du opna dialogvindauget Brukarinformasjon ved å velja Rediger → Felt.


Type

Viser felttypen du redigerar.

Merknadsikon

Desse dialogvindauga er berre synlege når tilhøyrande felttype er vald.


Vel

Viser vala for feltet, for eksempel «Fast innhald». Viss du vil, kan du trykkja eit anna val for den valde felttypen.

Format

Vel format for feltinnhaldet. For dato- og tid-felt og sjølvvalde felt kan du også velja format frå «Tilleggsformat» i lista. Kva format som er tilgjengelege er avhengig av kva felttype som vert redigert.

Forskyving

Viser forskyvinga for den valde felttypen, for eksempel for feltet «Neste side», «Sidetal» eller «Førre side». Du kan skriva inn ein ny verdi for forskyving, som vil verta lagt til det viste sidetalet.

Åtvaringsikon

Viss du vil endra det faktiske sidetalet, men ikkje det sidetalet som vert vist, må du ikkje bruka verdien Forskyving til dette. Du bør heller endra sidetal slik det er omtalt i rettleiinga om Sidetal.


Innrykksnivå

Endra dei definerte verdiane og disposisjonsnivåa for felttypen «Kapittel».

Namn

Viser namnet til ein feltvariabel. Du kan skriva inn eit nytt namn om ønskjeleg.

Verdi

Viser den gjeldande verdien til ein feltvariabel. Du kan skriva inn ein ny verdi om ønskjeleg.

Fast innhald

Set inn feltet som statisk innhald. Dette betyr at feltet ikkje kan oppdaterast.

Vilkår

Viser vilkår som må vera oppfylte for at feltet skal verta slått på. Du kan skriva inn eit nytt vilkår om du vil.

Så, Elles

Endra feltinnhaldet som vert vist slik at det er avhengig av om vilkåra som er gjevne for feltet, er oppfylte eller ikkje.

Makro

Opnar makroveljaren der du kan velja makroen som skal køyrast når du klikkar på det valde feltet i dokumentet. Denne knappen er berre tilgjengeleg for funksjonsfelta for «køyr makro».

Referanse

Set inn eller endra referanseteksten for det valde feltet.

Makronamn

Viser namnet på makroen som er knytt til det valde feltet.

Plasshaldar

Viser plasshaldarteksten for det merkte feltet.

Set inn tekst

Viser teksten som er knytte til eit vilkår.

Formel

Viser formelen i eit formelfelt.

Usynleg

Gøymer feltinnhaldet i dokumentet. Feltet vert sett inn som eit tynt, grått merke i dokumentet. Dette valet er berre tilgjengeleg for felttypane «Vel variabel» og «Brukarfelt».

Bruk

Legg til det sjølvdefinerte feltet i lista Utval.

Ikon

Bruk

Fjern

Fjernar det sjølvdefinerte feltet frå utvalslista. Du kan berre fjerna felt som ikkje vert brukte i dokumentet du arbeider med. Viss du vil fjerna eit felt som vert brukt i dokumentet frå lista, må du sletta alle førekomstane av feltet i dokumentet før du fjernar det frå lista.

Ikon

Fjern

Databaseutval

Vel ein registrert database som du vil setja inn det merkte feltet frå. Du kan også endra tabellen eller spørjinga som det markerte feltet viser til.

Datapostnummer

Viser databasepostnummeret som vert set inn når vilkåret som er skrive inn for felttypen «Vilkårleg post», er oppfylt.

Pil venstre

Går til det førre feltet av same type i dokumentet. Denne knappen er berre slått på når eit dokument inneheld meir enn eitt felt av same type.

Ikon

Førre felt

Pil høgre

Går til det neste feltet av same type i dokumentet. Denne knappen er slått på berre når eit dokument inneheld meir enn eitt felt av same type.

Ikon

Neste felt

Om felt