Namn og sti til HTML-dokument

Lagrar fila som eit HTML-dokument slik at du kan opna ho i ein nettlesar. Du kan velja om dei oppgjevne overskriftsstilane skal byrja ei ny side når stilane er innebygde i dokumentet. Dersom du vel dette, vert det laga ei eiga side med lenkjer til alle dei andre sidene.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Fil → Send → Lag HTML-dokument


Etterfølgjande nummerering vert lagt til i filnamnet dersom det vert oppretta mer enn eitt enkelt HTML-dokument. Titlane på HTML-sidene vert oppretta ut frå den øvste kapitteloverskrifta.

Visingsområde

Viser filene og mappene i den mappa du er i.

Filnamn

Skriv inn eit filnamn eller ein sti til fila. Du kan også skriva inn ei internettadresse.

skild med

Vel avsnittsstilen for overskrifter som skal markera ei ny HTML-side. Bruk overskriftsstilar for å gjera avsnitt til overskrifter der du vil byrja nye sider i dokumentet.

Filtype

Vel kva filformat du vil lagra dokumentet i. Berre dokument av denne filtypen vert viste i visingsområdet. Filtypane er forklarte i Informasjon om import- og eksportfilter.

Lagra

Lagrar fila.