Lag autosamandrag

Kopierer overskrifter og eit tal på avsnitt som kjem etter i dokumentet til eit nytt autosamandrag-dokument. Eit autosamandrag er nyttig for å få oversikt over store dokument. Du kan velja kor mange strukturnivå og avsnitt som skal takast med. Ingen nivå og avsnitt under grensa vert viste.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Fil → Send → Lag autosamandrag


Inkluderte disposisjonsnivå

Skriv inn kor mange disposisjonsnivå som skal kopierast inn i det nye dokumentet. Dersom du for eksempel vel fire nivå, kjem dei avsnitta som er formaterte som «Overskrift 1» til «Overskrift 4» med, saman med det talet på underavsnitt som er vald i Underpunkt per nivå.

Underpunkt per nivå

Oppgje det høgste talet på etterfølgjande avsnitt som skal kunne takast med etter kvar overskrift i autosamandraget. Alle avsnitta opp til grensa som er vald vert tekne med. Deretter kjem den neste overskrifta.