Format

Denne menyen inneheld funksjonar du kan bruka til å formatera formlar.

Skrifter

Her kan du velja kva skrifttypar som skal brukast på ulike formelelement.

Skriftstorleik

Bruk dette dialogvindauget til å velja skriftstorleik for formelen. Vel ein grunnstorleik, og alle elementa i formelen vil verta skalerte i høve til denne.

Mellomrom

Her kan du avgjera avstanden mellom elementa i formelen. Avstanden vert oppgjeve som prosent av grunnstorleiken under Format → Skriftstorleik.

Justering

Her kan du velja justeringa av formlar med fleire linjer i tillegg til formlar med fleire element på ei linje. Du lagar formlar som går over fleire linjerved å skriva NEWLINE i kommando-vindauget.

Tekstmodus

Slår av eller på tekstmodusen. I tekstmodus vert formlane viste i same høgd som ei tekstlinje.