Vis

Set visingsstorleiken og definerer kva for element som skal vere synlege. Dei fleste kommandoane som du kan skrive inn i vindauget Kommandoar er også tilgjengelege med eit museklikk dersom du på førehand har opna elementvindauget med Vis→ Element

Skalering

Forminskar eller forstørrar skjermvisinga av LibreOffice.

Vis større

Visar formelen 25% større. Skaleringsgraden vert vist på statuslinja. Du kan også endra skaleringa i sprettoppmenyen på statuslinja og frå sprettoppmenyen på skrivebordet.

Vis mindre

Visar formelen 25% mindre. Skaleringsgraden vert vist på statuslinja. Du kan også endra skaleringa i sprettoppmenyen på statuslinja og frå sprettoppmenyen på skrivebordet.

Vis alle

Visar heile formelen så stort som mogleg, slik at alle elementa vert med. Formelen vert auka eller minska så mykje at alle formelelementa kan visast på arbeidsområdet. Den gjeldande forstørringsgraden vert vist på statuslinja. Du kan få opp ei liste med dei tilgjengelege skaleringsalternativa i sprettoppmenyen. Også sprettoppmenyen på skrivebordet let deg endra vist storleik. Skaleringskommandoane og ikona er berre tilgjengelege i Math-dokument, ikkje i innebygde Math-objekt.

Oppdater

Denne kommandoen oppdaterer formelen i dokumentvindauget.

Innhaldet i kommandovindauget vert oppdatert automatisk med endringar dersom Oppdater visinga automatisk er slått på.

Oppdater visinga automatisk

Bruk denne kommandoen til å oppdatera endra formlar automatisk. Dersom du ikkje vel dette, vert formelen berre oppdatert etter at du har trykt på Vis → Oppdater eller F9.

Element

Dette er ei liste over operatorar, funksjonar, symbol og formatering som kan setjast inn i ein formel.

Statuslinja

Viser eller gøymer statuslinja nedst i vindauget.

Fullskjerm

Viser eller gøymer menyane og verktøylinjenei Writer og Calc. Trykk på Fullskjerm på/av eller trykk på Escape-tasten for å gå ut av fullskjerm-visinga.