Fil

Denne menyen inneheld generelle funksjonar, som for eksempel «opna», «lagra» og «skriv ut», for arbeid med formeldokument.

Ny

Opprettar eit nytt LibreOffice-dokument.

Opna

Opnar ei lokal eller ekstern fil eller importerer ei.

Nyleg brukte dokument

Viser ei liste over nyleg opna filer. Trykk på filnamnet for å opna ei fil frå lista.

Vegvisarar

Hjelper deg med å laga formelle og personlege brev, faksar, saklister, presentasjonar med meir.

Lukk

Lukk dokumentet utan å avslutta programmet.

Lagra

Lagra dokumentet.

Lagra som

Lagra dokumentet på ein annan plass, med eit anna filnamn eller som ein annan filtype.

Lagra alle

Lagrar alle LibreOffice-dokument som er endra.

Last inn på nytt

Vert brukt for å gå tilbake til sist lagra versjon av dokumentet.

Versjonar

Lagrar og organiserer fleire versjonar av dokumentet i same fil. Du kan `og opna, sletta og samanlikna tidlegare versjonar.

Eksporter

Lagra dokumentet med eit anna namn og format.

Send

Sender ein kopi av dokumentet til andre program.

Dokumenteigenskapar

Vis eigenskapane til dokumentet, med statistikk slik som talet på ord og når det vart oppretta.

Skriv ut

Skriv ut dokumentet, merkt tekst eller dei sidene du oppgjev. Du kan også setja opp utskriftsval for dokumentet. Utskriftsvala kan variera etter kva skrivar og operativsystem du bruker.

Skrivaroppsett

Vel standardskrivar for dokumentet.

Avslutt

Lukkar alle LibreOffice-program og bed deg om å lagra endringane. Denne kommandoen finst ikkje på macOS-system.