Menyar

Menylinja inneheld funksjonar du kan bruka når du arbeider med LibreOffice Math. Her finst ei liste over operatorar og funksjonar for redigering, vising, justering, formatering og utskrift av formlar og objekta i dei. Dei fleste menyvala er berre tilgjengelege når du opprettar eller redigerer ein formel.

Merknadsikon

Det vindauget som inneheld det dokumentet du vil arbeida med må vera vald for at du skal kunna bruka menyane. Du må òg velja eit objekt i dokumentet før du kan bruka menyval som høyrer til det objektet.


Åtvaringsikon

Menyane endrar seg med samanhengen, slik at menyvala passar til det du arbeider med. Dersom skrivemerket står i ein tekst, kan du bruka alle dei menyvala som har med tekst å gjera. Dersom du har merkt eit bilete, er menyvala tilpassa biletredigering.


Fil

Denne menyen inneheld generelle funksjonar, som for eksempel «opna», «lagra» og «skriv ut», for arbeid med formeldokument.

Rediger

Denne menyen inneheld funksjonar du kan bruka til å redigera formlar. I tillegg til dei vanlege funksjonane (for eksempel for å kopiera innhald), finst funksjonar som er spesifikke for LibreOffice Math, slik som å søkja etter plasshaldarar eller feil.

Vis

Set visingsstorleiken og definerer kva for element som skal vere synlege. Dei fleste kommandoane som du kan skrive inn i vindauget Kommandoar er også tilgjengelege med eit museklikk dersom du på førehand har opna elementvindauget med Vis→ Element

Format

Denne menyen inneheld funksjonar du kan bruka til å formatera formlar.

Verktøy

Bruk denne menyen for å opna og redigera symbolkatalogen eller for å importera ein ekstern formel som ei datafil eller via utklippstavla. Grensesnittet kan tilpassast slik du vil. Du kan òg endra programoppsettet.

Vindauge

I vindaugsmenyen kan du opna nye vindauge og sjå dokumentlista.

Hjelp

Frå hjelpemenyen kan du opna og bla i hjelpesystemet for LibreOffice.