Setja inn parentesar

Visa parentesar enkeltvis i LibreOffice Math slik at du kan velja avstanden mellom dei

Du kan setja inn parentesar enkeltvis ved å skriva «left» og «right», men då vil ikkje avstanden mellom dei vera fast, fordi parentesane vert tilpassa til argumentet. Det finst likevel ein måte du kan bruka til å visa parentesar med fast avstand til kvarandre. Dette gjer du ved å skriva «\» (omvende skråstrekar) framføre dei vanlege parentesane. No vert desse parentesane handsama som alle andre teikn og kan justerast på same måten som andre teikn:

left lbrace x right none

size *2 langle x rangle

size *2 \langle x \rangle