Arbeida med grenser

Laga grenser i ein formel med integral eller sum

Du vil setja inn ein summeringsformel av typen «summering av s^k frå k = 0 til n» ved skrivemerket i eit tekstdokument i Writer.

  1. Vel Set inn → Objekt → Formel.

    Til venstre ser du inndatavindauget for Math og elementpanelet.

  2. Vel Operatorar i den øvre delen av elementpanelet.

  3. Vel Sum i den nedre delen av elementpanelet.

  4. Deretter slår du på øvre og nedre grense ved å trykkja på Øvre og nedre grense.

  5. I inndatavindauget vil den første plasshaldaren eller merket vera vald. No kan du byrja med å skrive inn den nedre grensa:

    k = 0

  6. Trykk F4 for å gå vidare til det neste merket og skriv inn den øvre grensa:

    n

  7. Trykk F4 for å gå vidare til det neste merket, og skriv inn summanden:

    s^k

  8. No er formelen ferdig. Trykk utanfor formelen i tekstdokumentet for å avslutta formelredigeringa.

På same måten kan du skriva inn ein integralformel med avgrensingar. Når du trykkjer på eit symbol i elementvindauget, vert den tilsvarande tekstkommandoen set inn i innskrivingsvindauget. Viss du kjenner tekstkommandoen, kan du skriva han inn direkte i innskrivingsvindauget.

  1. Vel Set inn → Objekt → Formel.

  2. Trykk i inndatavindauget og skriv inn denne linja:

    int from{a} to{b} f(x)`dx

    Det er eit lite mellomrom mellom f(x) og dx. Dette kan du også skriva inn ved hjelp av elementvindauget: Trykk på Format-symbolet og deretter på symbolet Lite mellomrom.

Merknadsikon

Dersom du vil bruka ei anna skrift til bokstavane f og x, kan du trykkja på Format → Skrifter og velja andre skrifter. Trykk Standard dersom du vil bruka desse nye skriftene som standard frå no av.


Tipsikon

Dersom du vil setja inn ein formel i tekst, vil teikna for grense gjera linja høgare. Du kan velja Format → Tekstmodus for å plassera grenseteikna ved sidan av sum- eller integralsymbolet, slik at linja ikkje vert så høg.


Eksempel på område i integralar og summar