Skriva inn kommentarar

Setja inn kommentarar til formlar slik at kommentarane ikkje vert viste i dokumentet.

Ein kommentar byrjar med eit dobbelt prosentteikn %%, og gjelder fram til det neste linjeslutteiknet (linjeskift med Enter-tasten). Alt som er mellom desse teikna vert ignorert og ikkje skrive ut. Dersom sjølve kommentarteksten inneheld prosentteikn, vert desse handsama som ein del av teksten.

Eit eksempel:

a^2+b^2=c^2 %% Pythagoras’ læresetning.