Redigera symbol

Her kan du leggja til symbol til eit symbolsett, endra symbolsett eller endra skrivemåten på symbol. Du kan òg laga nye symbolsett, namngje symbol eller endra eitt av symbolsetta som alt finst.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Verktøy → Symbol → Rediger


Rediger symbol

Gammalt symbol

Gje namn til dette symbolet. Symbolet, namnet og kva sett det høyrer til vertvist til venstre, nedst i dialogvindauget.

Gammalt symbolsett

Denne nedtrekksboksen inneheld namna på dei gjeldande symbolsetta.Du kan òg velja eit anna symbolsett om du vil.

Symbol

Vis ei liste over namna på symbola i dette symbolsettet. Vel eit namn frå lista, eller gje namna til eit symbol du nyleg har lagttil.

Leggja til eit nytt symbol

For å leggja til eit symbol i eit symbolsett, vel du først ei skrift i boksen Skrift og trykkjer eit symbol i symbolruta. I Symbol skriv du inn namnet du vil gje symbolet. I lista Symbolsett vel du eit symbolsett eller skriv inn eit nytt namn for å laga eit nytt symbolsett. Førehandsvisingsruta til høgyre viser symbolet du har vald. Trykk Legg til og deretter OK.

Endra namn på eit symbol

For å endra namnet på eit symbol, vel det gamle namnet i lista Gammalt symbol. Skriv deretter inn det nye namnet i Symbol. Kontroller at teiknet som skal ha nytt namn er synleg i førehandsvisingsruta før du trykkjer Endre. Trykk OK.

Symbolsett

Listeboksen Symbol inneheld namna på alle eksisterande symbolsetta. Du kan endra eit eksisterande symbolsett eller laga eit nytt.

Laga eit nytt symbolsett

Viss du vil laga eit nytt symbolsett, skriv du inn det nye namnet du vil bruka i lista Symbolsett og legg til minst eitt symbol. Vel OK for å lukka dialogvindauget. Nå vert det nye symbolsettet tilgjengeleg med det nye namnet.

Skrift

Viser namnet på den gjeldande skrifta og letdegvelja ei anna.

Underkategori

Om du vel ei skrift utan symbol i listeboksen Skrifter, kan du velja eit Unicode-delsett der du kan leggja inn nye eller endra symbol. Når du har vald eit delsett av gjeldande symbol, vert alle symbola som høyrer til delsettet viste i symbollista ovanfor.

Stil

Den gjeldande skrifta vert vist. Du kan endra skrift ved å velja ei frå listeboksen

Legg til

Trykk her for å leggja symbolet som vert vist i høgre førehandsvisingsvindauge til i symbolsettet. Symboletvertlagra med namnet som vertvist i listeboksen Symbol. Du må oppgje eit namn under Symbol eller Symbolsett for å kunna bruka denne knappen. Du kan ikkje bruka same namn fleire gongar.

Endra

Trykk her for å byta ut symbolnamnet i det venstre førehandsvisingsvindauget med det nye namnet som du har skrive inn i listeboksen Symbol. (Det gamle namnet vertvist i listeboksen Gamle symbol)

Flytte eit symbol til eit anna symbolsett

Tipsikon

I dette eksemplet skal vi overføra den store bokstaven ALFA frå symbolsettet «Gresk» til symbolsettet «Spesiell». Bruk dei to listene øvst til å velja det gamle symbolsettet (Gresk) og deretter symbolet ALFA. Symbolet vert vist i førehandsvisingsruta til venstre. I lista Symbolsett vel du symbolsettet «Spesiell». Trykk Endra og vel OK. Nå vert symbolet ALFA berre vist i symbolsettet «Spesiell».


Slett

Trykk for å fjerna symbolet du ser i det venstre førehandsvisingsvindauget frå symbolsettet. Du vert ikkje spurd om stadfesting. Om du slettar detsiste symbolet i eit symbolsett, vert òg symbolsettet sletta.

Merknadsikon

Du kan når som helst også velja Avbryt for å lukka dialogvindauget utan å lagra endringane.