Avstand

Her kan du avgjera avstanden mellom elementa i formelen. Avstanden vert oppgjeve som prosent av grunnstorleiken under Format → Skriftstorleik.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Format → Avstand


Dialogvindauge for mellomrom

Du kan bruka Kategori til å velja formelelementet du vil angje avstand for. Dialogvindauget endrar utsjånad etter kva kategori som er vald. Eit førehandsvisingvindauge viser kva avstandar som vert endra gjennom dei ulike boksane.

Kategori

Her kan du velja kva kategori du vil endra mellomrommet for.

Avstand

Bestemmer avstanden mellom variablar og operatorar, mellom linjer og mellom rotteikn og rotuttrykk.

Avstand

Oppgje mellomrommet mellom variablane og operatorane.

Linjeavstand

Vel avstanden mellom linjene.

Rotavstand

Vel avstanden mellom rotteiknet og rotuttrykket.

Register

Bestemmer avstanden mellom grunnlinja og indeksar med heva og senka skrift.

Heva skrift

Vel mellomrommet mellom indeksane i heva skrift.

Senka skrift

Vel mellomrommet mellom indeksane i senka skrift.

Funksjonar

Bestemmer avstanden mellom brøkstreken og teljaren eller nemnaren.

Teljar

Vel avstanden mellom brøkstreken og teljaren.

Nemnar

Vel avstanden mellom brøkstreken og nemnaren.

Brøkstrekar

Bestemmer ekstralengda og linjebreidda for brøkstreken.

Ekstra lengd

Vel den overskytande lengda til brøkstreken.

Vekt

Vel kor tjukk brøkstreken skal vera.

Grenser

Vel avstanden mellom summeringssymbolet og avgrensingsvilkåra.

Øvre grense

Vel mellomrommet mellom sumsymbolet og den øvre grensa.

Nedre grense

Vel mellomrommet mellom sumsymbolet og den nedre grensa.

Hakeparentesar

Bestemmer avstanden mellom parentesane og innhaldet i dei.

Overskytande (venstre/høgre)

Vel den loddrette avstanden mellom øvre kanten av innhaldet og den øvre kanten av parentesane.

Avstand

Vel den vassrette avstanden mellom innhaldet og den øvre delen av parentesane.

Skaler alle parentesane

Skalerer alle typar parentersar. Om du så skriv inn (a over b) i kommando-vindauget, kjem parentesane til å dekkja heile høgda til uttrykket. Vanlegvis gjer du detteved å skriva left (a over b right ).

Overstorleik

Justerer den prosentvise overskytande storleiken. Ved 0 prosent erparentesane så store at dei omsluttarargument med same høgd. Jo høgre prosentverdi, jo høgre vert det loddrette mellomrommet mellom innhaldet av parentesane og yttergrensene til parentesane. Dette feltet kan du berre bruka i samband med Skaler alle parentesar.

Matriser

Bestemmer den relative avstanden mellom elementa i ei matrise.

Linjeavstand

Vel avstanden mellom matriseelementa i ei rad.

Kolonneavstand

Vel avstanden mellom matriselementa i ein kolonne.

Symbol

Bestemmer avstanden mellom symbol og variablar

Primærhøgd

Vel høgda på symbola i forhold til grunnlinja.

Minsteavstand

Vel minsteavstanden mellom eit symbol og ein variabel.

Operatorar

Bestemmer avstanden mellom operatorar og variablar eller tal.

Overskytande

Vel høgda mellom variablane og øvre kant av operatorane.

Avstand

Vel den vassrette avstanden mellom operatorane og variablane.

Kantlinjer

Set inn kantlinjer rundt formelen. Dette valet er spesielt nyttig viss du vil setja inn formelen i ei tekstfil i LibreOffice Writer. Når du vel innstillingar, må du passa på at du ikkje vel 0 som storleik, fordi det då kan vera vanskeleg å visa tekst rundt innsetjingspunktet.

Venstre

Plasserer den venstre kantlinja mellom formelen og bakgrunnen.

Høgre

Plasserer den høgre kantlinja mellom formelen og bakgrunnen.

Øvst

Plasserer den øvre kantlinja mellom formelen og bakgrunnen.

Nedst

Plasserer den nedre kantlinja mellom formelen og bakgrunnen.

Førehandsvis felt

Førehandsvis utvalet.

Standard

Lagrar endringane som standardinnstillingar for alle nye formlar Du vil få ei tryggingsåtvaring før endringane vert lagra.

Dialogvindauge for standardverdiar ved lagring