Andre symbol

Viser ymse matematiske symbol.

For å bruka denne funksjonen …

Opna sprettoppmenyen i kommandovindauget, og vel Andre

Vel Vis → Element og vel deretter Andre frå nedtrekkslista.


Detaljerte opplysningar om symbola

Ikon

Partial

Set inn symbolet for eit partielt differensial. Du kan òg skriva inn partial i kommando-vindauget.

Ikon

Uendeleg

Set inn symbolet for uendeleg. Du kan òg skriva inn infinity eller infty i kommando-vindauget.

Ikon

Nabla

Set inn symbolet for ein Nabla-vektoroperator. Du kan òg skriva inn nabla direkte i kommandovindauget.

Ikon

Det eksisterer

Set inn symbolet for ein eksistenskvantor. Du kan også skriva inn exists direkte i kommandovindauget.

Ikon

Det eksisterer ikkje

Set inn symbolet for ein eksistenskvantor. Du kan òg skriva inn notexists i kommandovindauget.

Ikon

For alle

Set inn symbolet for allkvantoren «for alle». Du kan også skriva inn forall direkte i kommandovindauget.

Ikon

h-linje

Set inn eit symbol for h-linje-konstanten. Du kan òg skriva inn hbar i kommandovindauget.

Ikon

Lambda-linje

Set inn symbolet for ei lambda-linje. Du kan også skriva inn lambdabar direkte i kommandovindauget.

Ikon

Reel del

Set inn symbolet for realdelen av eit komplekst tal. Du kan òg skriva inn re i kommando-vindauget.

Ikon

Imaginær del

Set inn symbolet for den imaginære delen av eit komplekst tal. Du kan òg skriva inn im i kommando-vindauget.

Ikon

Weierstrass p

Denne knappen set inn eit symbol for Weierstrass p-funksjonen. Du kan òg skriva inn wp i kommandovindauget.

Ikon

Pil venstre

Set inn ei venstrepil. Du kan òg skriva inn leftarrow i kommando-vindauget.

Ikon

Høgrepil

Set inn ei høgrepil. Du kan òg skriva inn rightarrow i kommando-vindauget.

Ikon

Pil opp

Set inn ei oppoverpil. Du kan òg skriva inn uparrow i kommando-vindauget.

Ikon

Pil ned

Set inn ei nedoverpil. Du kan òg skriva inn downarrow i kommando-vindauget.

Ikon

Ellipse

Denne knappen set inn ein ellipse (tre punktum etter kvarandre). Du kan òg skriva inn dotslow i kommando-vindauget.

Ikon

Vassrett ellipse (midt på)

Denne knappen set inn ein ellipse (tre punkt etter kvarandre). Du kan òg skriva inn dotsaxis i kommandovindauget.

Ikon

Loddrett ellipse

Denne knappen set inn ein loddrett ellipse (tre prikkar stilt loddrett). Du kan òg skriva inn dotsvert i kommando-vindauget.

Ikon

Skråstilt ellipse oppover

Denne knappen set inn ein oppovervend skråstilt ellipse» (tre punkt i ei skrålinje frå nedst til venstre til øvst til høgre). Du kan òg skriva inn dotsup eller dotsdiag i kommando-vindauget.

Ikon

Nedovervend skråstild ellipse

Denne knappen set inn ein «nedovervend skråstild ellipse» (tre punkt i ei skrålinje frå øvst til venstre og ned mot høgre). Du kan òg skriva inn dotsdown i kommando-vindauget.

Du kan setja inn ein bakvendt epsilon ved å skriva inn backepsilon i kommandovindauget.

Du kan setja inn ein plasshaldar i ein formel ved å skriva inn <?> i kommandovindauget.