Format

Du kan velja mellom fleire innstillingar for å formatera ein LibreOffice Math-formel. Format-innstillingane vert viste i den nedste halvdelen av dialogvindauget for formelelementa. Desse innstillingane er også lista opp i sprettoppmenyen i Kommandovindauget.

For å bruka denne funksjonen …

Opna sprettoppmenyen i kommandovindauget, og vel Format

Vel Vis → Element og vel deretter Format frå nedtrekkslista.


Nadanfor finn du ei fullstendig liste over alle tilgjengelege formateringsinnstillingane i LibreOffice Math. Symbolet ved sida av formatteringsvalet viser valet er tilgjengeleg frå elementvindauget (meny Vis → Element) eller gjennom høgreklikkmenyen i Kommandovindauget.

Merknadsikon

Bokstaven «a» står for plasshaldaren i formelen som du vil tilordna ei bestemt formatering. Du kan bytta ut denne bokstaven med kva som helst annan bokstav du vil bruka.


Formateringsval

Ikon

Heva skrift, venstre

Sett inn heva skrift til venstre for ein plasshaldar. Du kan også skriva inn <?>lsup{<?>} direkte i kommandovindauget.

Ikon

Heva skrift, øvst

Set inn heva skrift rett over ein plasshaldar. Du kan også skriva inn <?>csup<?> direkte i kommandovindauget.

Ikon

Heva skrift, høgre

Set inn heva skrift til høgre for ein plasshaldar. Du kan også skriva inn <?>^{<?>} direkte i kommandovindauget eller bruka rsup eller sup.

Ikon

Loddrett stapel (2 element)

Set inn ein stabel (todelt uttrykk) med to plasshaldarar. Du kan også skriva binom<?><?> direkte i kommandovindauget.

Ikon

Ny linje

Set inn ei ny linje i dokumentet. Du kan òg skriva inn newline i kommando-vindauget.

Ikon

Senka skrift, venstre

Set inn senka skrift til venstre for ein plasshaldar. Du kan også skriva <?>lsub{<?>} direkte i kommandovindauget.

Ikon

Senka skrift, nedst

Set inn senka skrift like under ein plasshaldar. Du kan også skriva inn <?>csub<?> direkte i kommandovindauget

Ikon

Senka skrift, høgre

Set inn senka skrift til høgre for ein plasshaldar. Du kan i staden skriva inn <?>_{<?>} i kommandovindauget. Du kan også bytta ut understreken i uttrykket med rsub eller sub.

Ikon

Loddrett stabel (3 element)

Set inn ein loddrett stabel med tre plasshaldarar. Du kan også skriva inn stack {<?>#<?>#<?>} direkte i kommandovindauget.

Ikon

Lite mellomrom

Set inn eit lite mellomrom mellom ein plasshaldar og neste element. Du kan òg skriva inn ` direkte i kommandovindauget. Kommandoen må stå til venstre eller høgre for eit symbol, ein variabel eller ein fullstendig kommando.

Ikon

Venstrejustert

Denne knappen venstrejusterar «a» og set inn ein plasshaldar. Du kan også skriva inn alignl<?> direkte i kommandovindauget.

Ikon

Midtstilt vassrett

Midtstillar «a» vassrett og set inn ein plasshaldar. Du kan også skriva inn alignc<?> direkte i kommandovindauget.

Ikon

Høgrejustert

Set inn kommandoen for høgrejustering og ein plasshaldar. Du kan også skriva inn alignr<?> direkte i kommandovindauget.

Ikon

Matrisestapel

Denne knappen set inn ei matrise med fire plasshaldarar. Du kan også skriva inn matrix{<?>#<?>##<?>#<?>} direkte i kommandovindauget. Plasseringa til eit element inne i dette diagrammet vert vist med to koordinat, der den første viser linjenummeret og den andre kolonnenummeret. Du kan bruka kommandovindauget til å utvida matrisen i alle retningar ved å leggja til teikn.

Ikon

Mellomrom

Denne knappen set inn eit mellomrom eller litt avstand mellom plasshaldarar. Du kan òg skriva inn ~ i kommandovindauget. Kommandoen må koma rett før eller etter eit symbol, ein variabel eit tal eller ein kommando.

Kommandoane alignl, alignc og alignr er svært effektive justeringskommandoar du kan bruka til å

Når du bruker «align»-kommandoane, bør du vera merksam på at

Justera ved hjelp av «matrix»-kommandoen

matrix{

alignr sin^2 x + cos^2 x#{}={}#alignl 1 ##

alignr cos^2 x #{}={} #alignl 1 - sin^2 x

}

Venstrejustera

Viss ei linje eller eit uttrykk byrjar med tekst, vert linja venstrejustert som standard. Du kan endra dette ved hjelp av ein av align-kommandoane. Eit eksempel er stack{a+b-c*d#alignr "tekst"}, der "tekst" vert høgrejustert. Legg merkje til at tekst alltid må stå mellom doble hermeteikn. NB! Viss du bruker andre hermeteikn enn dei som er brukte i dette eksempelet, for eksempel «», vert hermeteikna viste som ein del av teksten.

Formlar vert midtstillte som standard, men du kan venstrejustera dei utan å bruka Format → Justering på menyen. Dette gjer du ved å setja ein tom teiknstreng, det vil seia å setja inn hermeteikna som vert brukte til å omslutta tekst, "", framføre den delen av formelen du vil justera. Du kan for eksempel skriva inn "" a+b newline "" c+d. Då vil begge desse likningane verta venstrejusterte i staden for midtstilte.

Åtvaringsikon

Når du skriv inn informasjon i kommandovindauget, bør du vera merksam på at nokre format krev at du set inn mellomrom for å oppnå rett struktur. Dette gjeld spesielt når du skriv inn verdiar (for eksempel «a lsup{3}») i staden for plasshaldarar.


Trykk Parentesar og gruppering for meir informasjon om formatering i LibreOffice Math.

Sjå også indeksar og eksponentar og om skalering, som forklarar korleis du kan utforma dokument på best mogleg måte.