Relasjonar

Du kan velja mellom ulike relasjonar når du strukturerar LibreOffice Math-formlar. Relasjonsfunksjonane vert viste i den nedre delen av vindauget Formelelement. Dei vert også viste i høgreklikkmenyen for kommandovindauget. Alle relasjonar som ikkje finst i elementvindauget eller i snarmenyen må skrivast inn manuelt i kommandovindauget.

For å bruka denne funksjonen …

Opna sprettoppmenyen i kommandovindauget, og vel Relasjonar

Vel Vis → Element og vel deretter Relasjonar frå nedtrekkslista.


Nedanfor er ei komplett liste over relasjonar. Symbolet ved sida av namnet på relasjonen indikerer at han kan brukast frå elementvindauget (vel Vis → Element) eller frå høgreklikk-menyen i Kommandovindauget.

Relasjonar:

Ikon

er lik

Set inn eit er lik-teikn (=) med to plasshaldarar. Du kan òg skriva inn <?> = <?> i kommando-vindauget.

Ikon

er ikkje lik

Knappen eller kommandoen neq set inn eit ulikskapsteikn med to plasshaldarar. Du kan også skriva inn <?> neq <?> i kommandovindauget.

Ikon

er kongruent med

Set inn teiknet for relasjonen er kongruent med med to plasshaldarar. Du kan også skriva <?> equiv <?> i kommandovindauget.

Ikon

er rettvinkla med

Set inn teiknet for ein ortogonal (rettvinkla) relasjon med to plasshaldarar. Du kan også skriva <?> ortho <?> i kommandovindauget.

Ikon

er deleleg med

Set inn teiknet deleleg med. Du kan også skriva inn <?> divides <?> i kommandovindauget.

Ikon

er ikkje deleleg med

Denne knappen set inn teiknet ikkje deleleg med. Du kan også skriva inn <?>ndivides<?> i kommandovindauget.

Ikon

Mindre enn

Set inn relasjonen er mindre enn. Du kan også skriva inn <?>lt<?> eller <?> < <?> i kommandovindauget.

Ikon

Større enn

Set inn relasjonen er større enn. Du kan også skriva inn <?> gt <?> eller <?> > <?> i kommandovindauget.

Ikon

er tilnærma lik

Set inn relasjonen er tilnærma lik med to plasshaldarar. Du kan også skriva inn <?> approx <?> i kommandovindauget.

Ikon

er parallell med

Set inn relasjonen er parallell med med to plasshaldarar. Du kan også skriva inn <?>parallel<?> i kommandovindauget.

Ikon

er mindre enn eller lik (skråstilt)

Set inn relasjonen er mindre enn eller lik med to plasshaldarar. Du kan også skriva inn <?> leslant <?> i kommandovindauget.

Ikon

er større enn eller lik (skråstilt)

Set inn relasjonen er større enn eller lik med to plasshaldarar. Du kan også skriva inn <?>geslant<?> i kommandovindauget.

Ikon

er omtrent lik eller lik

Set inn relasjonen er tilnærma lik eler lik med to plasshaldarar. Du kan også skriva <?>simeq<?> i kommandovindauget.

Ikon

er proporsjonal med

Set inn relasjonen er proporsjonal med med to plasshaldarar. Du kan også skriva inn <?> prop <?> i kommandovindauget.

Ikon

Mindre enn eller lik

Set inn relasjonen er mindre enn eller lik med to plasshaldarar. Du kan også skriva inn <?> le <?> eller <?> <= <?> i kommandovindauget.

Ikon

Større enn eller lik

Set inn relasjonen er større enn eller lik med to plasshaldarar. Du kan også skriva inn <?> ge <?> eller <?> >= <?> i kommandovindauget.

Ikon

er omtrent lik

Denne knappen set inn relasjonen er tilnærma lik med to plasshaldarar. Du kan også skriva inn <?>sim<?> i kommandovindauget.

Ikon

går mot

Set inn relasjonen går mot med to plasshhaldarar. Du kan også skriva inn <?> toward <?> i kommandovindauget.

Ikon

dobbeltpil mot venstre

Set inn den logiske relasjonen pil med ei dobbeltlinje som peikar mot venstre. Du kan òg skriva inn dlarrow i kommando-vindauget.

Ikon

dobbelpil mot venstre og høgre

Set inn den logiske relasjonen pil med ei dobbeltlinje som peikar mot venstre og høgre med to plasshaldarar. Du kan òg skriva inn dlarrow i kommando-vindauget.

Ikon

dobbelpil mot høgre

Set inn den logiske operatoren pil med dobbeltlinje som peikar mot høgre med to plasshaldarar. Du kan òg skriva inn drarrow i kommando-vindauget.

Ikon

kjem før

Set inn den logiske operatoren kjem framføre med to plasshaldarar. Du kan òg skriva inn prec i kommandovindauget.

Ikon

kjem etter

Set inn den logiske operatoren kjem etter med to plasshaldarar. Du kan også skriva inn succ i kommandovindauget.

Ikon

kjem ikkje før

Set inn den logiske operatoren kjem ikkje framføre med to plasshaldarar. Du kan også skriva inn nprec i kommandovindauget.

Ikon

kjem ikkje etter

Set inn den logiske operatoren kjem ikkje etter med to plasshaldarar. Du kan òg skriva inn nsucc i kommandovindauget.

Ikon

kjem før eller er lik

Set inn den logiske operatoren kjem før eller er lik med to plasshaldarar. Du kan òg skriva inn preccurlyeq i kommandovindauget.

Ikon

kjem etter eller er lik

Set inn den logiske operatoren kjem etter eller er lik med to plasshaldarar. Du kan også skriva inn succcurlyeq i kommandovindauget.

Ikon

kjem før eller er lik

Set inn den logiske operatoren kjem før eller er lik med to plasshaldarar. Du kan òg skriva inn precsim i kommandovindauget.

Ikon

kjem etter eller er lik

Set inn den logiske operatoren kjem etter eller er lik med to plasshaldarar. Du kan også skriva inn succsim i kommandovindauget.

Du kan laga relasjonen er mykje større enn med to plasshaldarar ved å skriva inn <?> gg <?> eller >> i kommandovindauget.

Du kan skriva inn ll eller << i kommandovindauget for å setja relasjonen er mykje mindre enn inn i formelen.

Du kan setja inn relasjonen er angjeve som med to plasshaldarar ved å skriva inn <?>def<?>.

Du kan setja inn teiknet for bilete av-samsvar med to plasshaldarar ved å skriva inn <?> transl <?> i kommandovindauget.

Kommandoen <?>transr<?> set inn teiknet for opphavleg av-samsvar med to plasshaldarar.

Åtvaringsikon

Når du skriv inn informasjon manuelt i kommandovindauget, bør du vera merksam på at mange operatorar krev at du set mellomrom mellom elementa for å oppnå korrekt struktur. Dette gjeld spesielt viss du bruker verdiar i staden for plasshaldarar. Viss du for eksempel vil lag relasjonen «er mykje større enn», kan du skriva inn 10 gg 1 eller a gg b.