Vis alle

Visar heile formelen så stort som mogleg, slik at alle elementa vert med. Formelen vert auka eller minska så mykje at alle formelelementa kan visast på arbeidsområdet. Den gjeldande forstørringsgraden vert vist på statuslinja. Du kan få opp ei liste med dei tilgjengelege skaleringsalternativa i sprettoppmenyen. Også sprettoppmenyen på skrivebordet let deg endra vist storleik. Skaleringskommandoane og ikona er berre tilgjengelege i Math-dokument, ikkje i innebygde Math-objekt.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Vis → Vis alt

Når du er på verktøylinja, trykk på

Ikon

Vis alt