Innstillingslinja

Vel Vis → Verktøylinjer → Innstillingslinje for å visa linja for innstillingar.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Vis → Verktøylinjer → Innstillingar


Rotasjonsmodus etter at du har klikka på eit objekt

Endra åtferda til museklikka slik at rotasjonshandtak kjem fram når du har klikka på eit objekt to gongar (ikkje dobbeltklikk). Dra eitt av handtaka for å rotera objektet i den retninga du vil.

Ikon

Rotasjonsmodus etter at du har klikka på eit objekt

Vis rutenett

Bestemmer om rutenettet skal visast eller ikkje.

Ikon

Vis rutenett

Vis festelinjer

Vis eller gøym festelinjer slik at du kan justera objekt i lysbiletet. Du fjernar festelinja ved å dra henne ut av lysbiletet.

Ikon

Vis festelinjer

Hjelpelinjer ved flytting

Vel om hjelpelinjene skal vera synlege medan du flyttar eit objekt.

Ikon

Hjelpelinjer under flytting

Fest til rutenett

Vel om berre rammer, teikneelement og kontrollelement skal flyttast mellom rutenettpunkta. For å endra status for festenettet berre for den gjeldande økta, dra objektet medan du samstundes held nede .

Ikon

Fest til rutenettet

Fest til hjelpelinjer

Festar kantane på eit objekt som du dreg til næraste festelinje når du slepp opp museknappen.

Ikon

Fest til hjelpelinjene

Fest til sidemargar

Vel at omrisset av biletet vert justert til næraste sidemarg.

Ikon

Fest til sidemargane

Fest til objektkant

Vel om omrisset av biletobjektet skal justerast i høve til kantlinja til det næraste biletobjektet.

Ikon

Fest til objektpunkt

Fest til objektpunkt

Bestemmer om omrisset av bileteobjektet skal justerast i høve til punkta i det næraste biletobjektet.

Ikon

Fest til objektpunkt

Tillat snøggredigering

Dersom denne er på, kan du redigera teksten like etter at du har klikka på eit tekstobjekt. Dersom denne er av, må du dobbeltklikka for å kunne redigera teksten.

Ikon

Tillat snøggredigering

Merk berre tekstområdet

Gjer at du kan laga ei tekstramme ved å trykkja på teksten.

Ikon

Merk berre tekstområdet

Dobbeltklikk for å leggja til tekst

Endra åtferda til museklikk slik at du kan dobbeltklikka eit objekt for å leggja til eller redigera tekst.

Ikon

Dobbeltklikk for å leggja til tekst

Endra objekt med eigenskapar

Dersom dette ikonet er slått på i linja Innstillingar, vert objekt viste med eigenskapane sine, men med 50% gjennomsikt når du teiknar dei. Dersom dette ikonet ikkje er slått på, vert berre konturen av objektet vist når du teiknar men objektet vert vist med alle eigenskapane når du slepp museknappen.

Ikon

Endra objekt med eigenskapar

Gå ut av alle grupper

Avslutt alle grupper og går tilbake til vanleg vising.

Ikon

Gå ut av alle grupper