Disposisjonslinja

I disposisjonsvising inneheld disposisjonslinja ofte brukte redigeringsverktøy. Trykk på pila ved sidan av eit ikon for å opna ei verktøylinje som inneheld fleire funksjonar.

Skaler

Gjer skjermbiletet mindre eller større for dette dokumentet. Trykk på pila ved sidan av knappen for å opna verktøylinja for skalering.

Ikon

Skaler (i disposisjons- og lysbiletvising i LibreOffice Impress)

Første nivå

Gøym alle overskriftene utanom tittelen på lysbileta i lysbiletframsyninga. Gøymde overskrifter vert viste med ei svart linje framom ein lysbilettittel. Trykk på knappen Alle nivå for å visa overskriftene.

Ikon

Første nivå

Alle nivåa

Viser dei gøymde lysbileteoverskriftene i lysbiletframsyninga. Trykk på knappen Første nivå for å gøyma alle overskriftene i lysbiletframsyninga med unntak av lysbilettitlane.

Ikon

Alle nivå

Gøym underpunkt

Gøymer underoverskriftene til ei valt overskrift. Gøymde underoverskrifter vert viste med ei svart linje framom overskrifta. Trykk på knappen Vis undernivå for å visa overskriftene på lågare nivå.

Ikon

Gøym underpunkta

Vis underpunkt

Viser dei gøymde underoverskriftene til ei vald overskrift. Trykk på Gøym undernivå for å gøyma underoverskriftene til ei vald overskrift.

Ikon

Vis underpunkt

Formatering på/av

Viser eller gøymer teiknformatering av lysbiletoverskrifter. Opna Stilhandsamaren, høgreklikk på ein stil og vel Endra for å endra teiknformateringa til ei overskrift.

Ikon

Formatering på/av

Svart-kvitt

Viser lysbileta i svart-kvitt.

Ikon

Svart-kvitt

Lysbiletframvising

Start lysbiletframvisinga.

Ikon

Lysbiletframvising